Eit mangfald av aktivitetar

Aktivitetar gjev gode minner og uansett om du reiser med familien, kjærasten, vener eller aleine, vil me at du skal ha ein unik ferie i Myrkdalen. Difor tilbyr me eit breitt utval av aktivitetar heile året.

Myrkdalen i sommardrakt byr på vandrestiar i alle utgåver og kort veg til fjordidyll.

Vandretur til Breiskrednosi
I sommar kan du bli med på guida turar til spektakulære Breiskrednosi - 1189 meter over Nærøyfjorden! Den ville naturen og det vakre kulturlandskapet har ført Nærøyfjorden inn på UNESCO si liste over verdsarvområde. Bli med ein av Wild Voss sine dyktige fjellførarar til toppen av Breiskrednosi, og nyt den fantastiske utsikta frå kanten av stupet. Les meir og bestill 

Vikafjellet og Vik
Berre 40 minutt unna Myrkdalen finn ein Sognefjorden og den koselege bygda Vik. På veg til fjorden køyrer ein over fjellvidda Vikafjellet, der snøen ligg til langt utpå sommaren. I Vik kan du besøka stavkyrkja Hopperstad og gå den fine turen vidare til steinkyrkja Hove som er ein av dei elste steinbygningane i landet. På Meieriet Kafè i sentrum kan du prøva ulike variantar av gamalost og andre ostar.

Treng du eit forfriskande bad i fjorden? Vik har ei fin badestrand midt i sentrum. Vil du reisa endå lenger kan du ta ferga over fjorden til den idylliske tettstaden Balestrand og besøka Kvikne’s Hotell som Keisar Wilhelm budde på under sine Noregsopphald.

VINTER
I vintersesongen har me eit variert helge- og ferieprogram for alle aldrar! Me tilbyr også kurs med høgt kvalifiserte instruktørar innan skredlære, topptur og frikøyring. 

Sjå alle våre Sommaraktivitetar og Vinteraktivitetar