Barnefestival med Mikkel og Mikkeline

23. – 25. februar 2018 inviterar me for tredje gong til storslått barnefestival med Mikkel og Mikkeline! Dette blir ei drøymehelg full av opplevingar for dei minste. Mikkel og Mikkeline elskar å stå på ski i Myrkdalen og dei kjem til å vera her heile helga! Karneval, barnedisco, førestilling med Absence Crew, SkiLeik, barnerenn, pølsefest og mykje meir står på programmet.

Fredag 23. februar
16.00 – 19.00: Registrering 
18.00 – 21.00: Karneval. Mikkel og Mikkeline gler seg til å kome innom karnevalet for å bli med på moroa.
Me oppmodar både born og vaksne om å kle seg ut

Laurdag 24. februar
11.00 – 14.00: SkiLeik på Torget 
11.30: Barnerenn 
12.00 – 15.00: Klipp & Lim 
16.00: Show og pølsefest med Mikkel og Mikkeline 
19.00: Old School Danseshow med Absence Crew i trakkemaskingarasjen. (Anbefalt for born over 4 år)
20.00 – 22.00: Rock & Roll Barnedisco 

Sundag 25. februar
11.00 – 14.00: SkiLeik på Torget 
11.30: Barnerenn 
12.00 – 15.00: Klipp & Lim 

PRISAR FESTIVALPASS FREDAG - SUNDAG 
Born: 500 kr
Born under 2 år og vaksne: Gratis 

Alle aktivitetane på barnefestivalen frå fredag - sundag er inkludert i festivalpasset. 

NB - Vaksne som skal fylgja borna på danseshow med Absence Crew, må kjøpa eigen billett til dette. Eldre born som berre vil sjå showet, men ikkje ta del i resten av festivalen, kan også kjøpa denne billetten. 

Old School Danseshow med Absence Crew 
Showet er inkludert for alle som har festivalpass. 
For andre kostar showet kr 200,- per person. 

I dette showet vaknar plutseleg gutane i Absence opp og innser at dei sit på aldersheim, gråhåra og gamle. Dagens viktigaste gjeremål er bingo og ein kopp kaffi. Sjølv om kroppen ikkje er det den ein gong var, tek dei seks breakarane opp kampen mot alderdomen for å halda eitt siste storslått show. 

Oldschool er ei førestilling om små gleder og opplevingar, som set livet i perspektiv. Ved hjelp av breaking, humor og ein god dose lårhalsbrekkande akrobatikk, viser Absence at det slettest ikkje treng å vera kjedeleg å bli gamal! Showet kostar kr 200,- per person og er anbefalt for born over 4 år. 

 

Billettar til Myrkdalen Barnefestival

Vel du 23. februar i kalenderen kan du kjøpa festivalpass: Kr 500 for born. Vaksne og born under 2 år gratis. Vel du 24. februar kan du kjøpa enkeltbillett for danseshow med Absence: Kr 200 per person.

Loading...