FIS Freestyle World Cup Big Air

23. - 25. mars er me stolt vertskap for World Cup i Big Air! Denne helga kjem verdseliten til Myrkdalen for å konkurrera i sesongavslutninga - det blir garantert spektakulære svev. Med hoppet plassert i bakken ovanfor Myrkdalen Hotel er dette eit svært publikumsvenleg arrangement.

Me skal laga folkefest og det blir yrande liv, skileik for borna, underhaldning med Absence Crew, konsert med Bjørnar Ekse Brandseth og Ralph Myerz & The Jack Herren Band. Heile arrangementet er gratis! 

Program FIS Freestyle World Cup Big Air

Lørdag 25. mars: 
12,30- 13.45: Kvalifisering
15.00 - 17.00: Finale World Cup 2016 / 17
17.00: Konsert med Ralph Myerz & The Jack Herren Band.

Resultatlister
Kvalifisering menn torsdag 23.03.17
Kvalifisering damer torsdag 23.03.17

Finale damer fredag 24.04.17
Finale menn fredag 24.04.17

SkiLeik i Badnabakken
Torsdag 23. og lørdag 25. mars
11.00 – 15.00

Torsdag og lørdag har me SkiLeik for heile familien! Med barneområdet tett på Myrkdalsstovo og Myrkdalen Hotel er det enkelt å kombinera leik i bakken og samstundes få med seg konkurransen.

Organiserte leikar, historiestund, aking, hopp, ulike løyper m.m.

Aktivitetane passar både med langrennski og slalåmski 

Gratis bussar tur/retur Voss - Myrkdalen 

Torsdag 23. mars
Frå Voss: kl 10.00
Frå Myrkdalen: kl 15.40

Fredag 24. mars
Frå Voss: kl 10.00 / 14.40 / 15.30
Frå Myrkdalen: kl 15.40 / 21.00

Lørdag 25. mars
Frå Voss: kl 08.30 / 10.00 / 13.00 / 14.40
Frå Myrkdalen: kl 15.40 / 18.45 / 20.45 / 21.45 / 01.00

Torsdag og fredag går det også rutebussar utført av skyss (kr 79,- per pers ein veg) med følgjande tider:
Frå Voss: kl 08.30
Frå Myrkdalen: kl 16.30

Bli med på årets skifest!