Haustferieprogram

I haustferien har me eit variert program enten du er festivalgjengar, tur- og kulturinteressert eller søkjer gode opplevingar med borna dine.

Myrkdalsekspressen går! 
Ingenting slår vandreturar i frisk haustluft!
Myrkdalsekspressen går 12. - 15. oktober kl 11.00 - 15.00

Prisar: Kr 70,- for vaksne og kr 50,- for born (3-15 år). Billettar blir seld i Myrkdalsstovo

Natursti mellom Helgatun og Vetlebotn
Laurdag 7. - sundag 15. oktober blir det natursti på stien mellom Helgatun og Vetlebotn med 10 postar. For å bli med hentar du ut svarskjema i resepsjonen på Myrkdalen Hotel. Når ein leverer utfylt skjema får alle borna ein liten premie! Dei som har svart rett på alle spørsmåla er med i trekning av to festivalpass til Myrkdalen Barnefestival 23. – 25. februar 2018.

Tips: Torsdag – sundag kan du ta Myrkdalsekspressen til topps og gå naturstien nedatt. 

Fjelltur til Svortetjødn
Torsdag 12. oktober

Bli med til vakre Svortetjødn! Me tek Myrkdalsekspressen til topps kl 10.00. Herfrå går turen over til Mørkvestølen og to kilometer vidare til Svortetjødn. Retur tilbake same veg og ned til Myrkdalen Hotel. (Me tek ikkje heisen nedatt).

Anbefalt aldersgrense: Passar for turvande born frå 10 år og oppover.
Lengd: Ca 11 km tur – retur
Start: Oppmøte ved heisbua til Myrkdalsekspressen kl 9.45
Avgrensa plassar: 20 personar
Tid: Me estimerer 6-7 timar tur/retur
Pris: Kr 70 for vaksne og kr 50 for born 10-15 år (heistur inkludert)

Hugs å ta med varme og vasstette klede, mat og drikke for ein heil dag og gode sko. Ver merksam på at det kan bli endringar i programmet grunna vèr og andre uforutsette faktorar.

Fjelltur til Finnbunuten
Fredag 13. oktober

Fjelltur til Finnunuten fredag 13. oktober er diverre avlyst grunna dårleg vèr. 

Omvisning i Tråfjosen
Laurdag 14. oktober 

I skogen nedanfor Storhaugekspressen ligg Tråfjosen, ein fjøs der kyr på sommarbeite vart samla og mjølka i gamle dagar. Fjøsen har stått tom i over førti år, men no er den tatt i bruk att - som overnattingsstad for folk. Innvendig er båsane for kyrne framleis intakte, med fine steinheller til å skilja den eine frå den andre. I sørenden er det installert ein modul der 4 personar kan overnatta. Eit vindauge strekk seg mot utsynet. Det blir som eit tredimensjonalt rom, men også som eit møbel. Sett frå utsida er det det einaste som indikerer at løa har endra seg - til ein unik overnattingsstad. Les meir om Tråfjosen

Me tek Myrkdalsekspressen til topps kl 14.00. Herfrå går turen på grusveg ned til Tråfjosen, som ligg i skogen nedanfor Storhaugekspressen. Ved Tråfjosen møter me Marina Bauer frå OPA FORM arkitekter som gjev oss historia bak "Ei løa i endring" samt ei omvisning i overnattingsmodulen. Retur går ned til hovudvegen, der me blir henta med minibuss. 

Start: Oppmøte ved heisbua til Myrkdalsekspressen kl 14.00
Avgrensa plassar: 20 personar
Tid: Me estimerer ca 3 timar totalt
Pris: Kr 70,- for vaksne 

Traktorsafari
Laurdag 14. oktober

Bli med på traktorsafari og kjekk tur til Mørkvestølen! Me gjentek suksessen frå i fjor og fraktar små og store opp til toppen av Storhaugekspressen med traktor og spesiallaga tilhengar. Herfrå går turen vidare til fots i enkelt terreng til Mørkvestølen. Ved stølen får alle servert nysteikte lappar og det blir kjekke aktivitetar som til dømes hesteskokasting, pil og boge, balansekunst og meir. 

Sjølve turen opp med traktoren til Storhaugekspressen tek ca 1 time. Frå toppen av Storhaugekspressen er det 1,2 km å gå ned dalen til Mørkvestølen. Retur frå Mørkvestølen er ned stølsvegen til hovudvegen, der me blir henta med minibuss og frakta tilbake til hotellet. Stølsvegen er ca 3 kilometer. 

Start: Kl 10.00 og kl 12.00
Avgrensa plassar: Fullbooka. Ingen ledige plassar att. 
Pris: Kr 200,- for vaksne og kr 100,- for born 0-15 år

Barnedisko
Laurdag 14. oktober

Me avsluttar dagen med barnedisko i Storebotn på Myrkdalen Hotel kl 18.00 - 20.00. Gratis for alle!

Familieaktivitetar og ponniridning
Sundag 15. oktober frå kl 11.00 - 14.00

Siste dag i haustferien blir det gratis familieaktivitetar på oppsida av Myrkdalen Hotel. Myrkdalen Hestesenter tilbyr ponniriding: Kr 50,- for 5 min. og kr 100,- for 15 min. Kontant eller Vipps. 

Restaurant Tunet er ope frå 8. - 15. oktober
Avslutt herlege dagar i fjellet med middag i Restaurant Tunet. I haustferien er vår familievenlege restaurant ope kvar dag frå kl 12.00 - 21.30. Tunet har ein variert meny med blant anna heimelaga pizza og pasta.

 

Bestill i dag - avgrensa plassar

Loading...