Ledige stillingar

MYRKDALEN FJELLHEISER
Skisenteret har ni heisar fordelt på to seks-setar ekspressheisar, tre t-krokheisar, tre tallerkentrekk og eit saktegåande rulleband for dei minste. Frå heisane når ein 22 preparerte løyper i ulik vanskegrad. Myrkdalsstovo er velkomstsenteret vårt. Her sel me skikort og ei rekkje daglegvarer. I tillegg har me ein koseleg kafé. Myrkdalen Fjellheiser har for tida ingen ledige stillingar.

MYRKDALEN HOTEL
Myrkdalen Hotel på Voss er eit fullservice heilårshotell med driftsgrunnlag i nasjonal og internasjonal turisttrafikk og kurs/konferanse. Hotellet har 112 rom og seks F&B konsept.

Myrkdalen Hotel har for tida ei ledig resepsjoniststilling i vintersesongen

Eigenskapar
Me søkjer deg som er serviceinnstilt og initiativrik. Du er profesjonell og personleg og har godt humør i møte med gjester og kollegaer.

Arbeidsoppgåver
- Behandla innkomande henvendelsar på telefon og mail
- Innsjekk og utsjekk
- Individuell og gruppebestillingar
- Førefallande arbeid
- Myrkdalsvert

Kvalifikasjonar
- Ynskjeleg med erfaring frå tilsvarande arbeidsoppgåver, innan hotell eller destinasjon e.l.
- Norsk og engelsk munnleg og skriftleg

Me tilbyr
Ei spanande og variert stilling i eit hyggeleg og hektisk arbeidsmiljø. Stillinga er ca 50%, basert på helg og ekstra, frå desember 2017 til mai 2018. Moglegheit for utviding etter endt vintersesong

Søknad
Send søknad til Berit Klette Norheim: [email protected]
Søknadsfrist: Snarast
For meir informasjon ring 56 52 30 61

MYRKDALEN SKISKULE
Myrkdalen er ein av Norges mest snøsikre destinasjonar, og i eit stadig veksande marked ser me etter fleire dyktige medarbeidarar. Sidan hovudmengda av våre gjester er norsktalande er det nødvendig å snakke norsk ( evt svensk/ dansk).

Me ser etter personar som er interesserte i å utvikle seg i tråd med vår destinasjon, og som ynskjer å utvikle seg både pedagogisk og skiteknisk. Arbeidskvardagen består i undervisning, aktivitetar og tilrettelegging. Den me søker må ha gode samarbeidsevner, vere sjølvstendig og ha fokus på å ville vere ein del av eit godt arbeidsmiljø. Som fast ansatt er det et minimum å ha internasjonalt godkjend trinn 2 utdanning ( IVSI). Denne godkjenninga kan ein også ta på DNS godkjent kurs i Stubaital Østerrike i veke 46 såframt ein har trinn 1 frå før av.

Send søknad og CV til dagleg leiar i Skiskulen på e-post: [email protected]

Me ser fram til å høyra frå deg!