Me ynskjer alle ei

God og fredeleg jul

Juleprogram i Myrkdalen

Me har eit innhaldsrikt program heile høgtida!

AKTIVITETAR
Kvar dag frå 26. desember - 1. januar

Kl 9.30 - 11.10: Gruppeundervisning Skiskule
Kl 9.30 - 12.30: Teknikk-kurs i Alpint
Kl 9.30 - 12.30: Trening i Storslalåm
Kl 11.30 - 13.30: JibbeCamp
Kl 12.30: Gratis Barneskirenn
Kl 15.00 - 16.00: Aketur frå toppen av Myrkdalsekspressen
Kl 16.00 - 18.00: Reveklubb for born med aktivitetar på Myrkdalen Hotel

Skred- og frikøyringskurs
28. og 29. desember kan du bli med på skred- og frikøyringskurs med Skiskulen. Kurset er retta mot dei som likar å gå toppturar eller jaktar laussnø frå heisen. Les meir

HYTTEDRAUM I MYRKDALEN
28. desember kan du møta eigedomsavdelinga vår for ein hyggeleg prat i Salto Lobby Bar kl 17.00 - 19.00. Du får høyra om prosjekta våre og me spanderer drikke. Velkomne! 

MYRKDALEN SPORT OG SKIUTLEIGE
Vår nye Sport1 butikk med skiskule og skiutleige i Torggarden har ope kvar dag. Her får du alt du treng til ein aktiv kvardag

SKISENTER

Opningstider Skisenter
Julaftan: Kl. 9.30 - 14.00
1. juledag: Kl. 11.00 - 15.0
Frå 2. juledag ope alle dagar frå kl 9.30 - 15.30

Kveldskøyring
27. - 30. desember kl 17.00 - 20.00 i Landsbybakken

Gratis skibuss kvar dag
Frå Voss Stasjon kl 8.30* og kl 10.00. Retur frå Myrkdalen kl 15.40

NB! Det går ikkje skibuss julaftan og 1. juledag. * 27. - 30. desember er kl. 08.30 rutebuss frå Skyss (ikkje gratis)

Opningstider Myrkdalsstovo 1. etasje
Fyrste etasje er velkomstsenteret vårt. Her får du kjøpt heiskort og ei rekkje daglegvarer. I tillegg har me ein koseleg kafè. 

Julaftan: Kl. 08.30 - 14.00
1. juledag: Kl. 10.30 - 16.00
2. juledag: Kl 08.30 - 17.00
27. - 30. desember: Kl. 08.30 - 19.00
Nyttårsaftan: Kl. 08.30 - 16.00
1. januar: Kl. 08.30 - 17.00

MYRKDALEN HOTEL

Pudder Afterski
Etter herlege skidagar ventar fest og moro! Me har følgjande opningstider i juleferien:
Pudder Afterski: 26. - 31. desember frå kl 15.00 - 21.00
Nattklubb: 26. - 31. desember frå kl 22.00 - 02.30
Aldersgrense 20 år

Nyttårsfeiring 
Me inviterar til storstilt nyttårsfeiring på Myrkdalen Hotel med 4-rettars festmiddag og dans med levande musikk. Kjøp billett her

Servering
Sjå program og opningstider for servering på Myrkdalen Hotel i juleferien (23. desember - 1. januar).