Kampanje på sesongkort

I perioden 18. september til 16. oktober får ein sesongkort til rabattert pris.

Slå til innan 2. oktober og få to dagar i Voss Resort inkludert

Prisar i kampanjeperioden (18.09 - 16.10):
Sesongkort vaksen 16 - 64 år: Kr 4 670,-
Sesongkort born 7-15 /+65 år: Kr 3 620,-
Familiekort*: Kr 13 400,-

*Familiekort gjeld inntil 2 føresette og alle born under 18 år som bur på same adresse

Sal av heiskort i kampanjeperioden
Me har gleda av å informera om at frå og med denne sesongen sel me heiskorta våre online på Skiperformance si plattform. Skiperformance er leiande i Noreg innan online sal av heiskort og er svært brukarvenleg. KJØP SESONGKORT HER

Sesongkort kan også kjøpast i Myrkdalsstovo, som er ope måndag-laurdag kl. 09.00 – 15.00 i kampanjeperioden. 

Heilårskort - Myrkdalen, Voss Resort og Fonna
Dette skikortet er for deg som likar variasjon! Heilårs skikortet er gyldig heile vintersesongen 2017 / 2018 i Myrkdalen og Voss Resort og frå 28. april - 26. august 2018 i Fonna Glacier Ski Resort. Salet startar måndag 18. september kl 12.00. KJØP HEILÅRSKORT HER