Nyheit - Kilegarden

Fyrste sentrumsbygg i hjartet av det komande landsbysentrumet i Myrkdalen, Torggarden, vart utseld på rekordtid. No lanserer me systerbygget Kilegarden.

Med sin langstrakte bygningskropp dannar Kilegarden den eine sida av almenningen som skal binda Landsbytorget og barneområdet saman. Her vil ein kunna oppleva skianlegget og folkelivet i landsbyen på den eine sida av bygget, medan andre sida vert meir privat med flott utsikt over Årmotslia og Svolefjell. Kvar leilegheit får sin eigen uteplass knytt til den felles svalgangsløysinga på søraustsida av bygget. Her kan ein nyta ein kopp kaffi i fred og ro, eller ein kan slå av ein prat med naboane på denne sosiale fellesplassen. 

Kilegarden får også ein liten kafé eller serveringsplass i gateplan ut mot Landsbytorget, kor ein kan nyte eit måltid eller berre ta eit glas vin tett på det yrande folkelivet vinter- som sommarstid. 

Leilegheitene i Kilegarden ligg i storleik 49,8 kvm opp til 64 kvm. Planløysingane er gjort maksimalt effektive, med kombinert stove- og kjøkkenløysing, eit praktisk innreidd bad, to gode soverom, romsleg entré samt innvendig og utvendig bod. Her kan familien trekke seg tilbake og kose seg med laurdagsmiddagen, eller ein kan spasere over torget og nyte fasilitetane på Myrkdalen Hotel med sine restaurantar og serveringsstader.

Kilegarden vert det fyrste bygget i sentrumsområdet kor parkering vil føregå i parkeringsanlegg i bygget sin underetasje. Herfrå vert det direkte heisforbindelse til alle bustadetasjane i bygget. Du kan altså gå tørrskodd direkte frå bilen og rett inn i leilegheita di!
Med sentral beliggenheit er leilegheitene i Kilegarden perfekte for utleige. Utleigemarknaden i Myrkdalen er god, med høg etterspørsel etter bustader for korttidsopphald både sommar og vinter. All utleige i Myrkdalen Fjellandsby vert administrert av Myrkdalen Hotel, noko som sikrar eit problemfritt utleigeforhold for deg som eigar. 

For deg som har planar om å investere i Kilegarden med tanke på utleige, kan Myrkdalen Fjellandsby tilby ein modell kor kjøpar trer inn i prosjektet som byggherre. Etter denne modellen kan kjøpar motta momsfradrag på byggekostnaden. Ta kontakt med oss for nærare informasjon om dette. 

Det nye sentrumsområdet i Myrkdalen får kvartal med små gater og romslege fortau, eit torg, varierte bygg med leilegheiter, handel og servicefunksjonar- alt saman tett på hotellet, skisenteret og barneområdet. 

Kilegarden er teikna av MAD Arkitekter, kjend blant anna for å stå bak det nye Media City Bergen samt eitt av bygga i Barcode-rekka i Oslo. MAD Arkitekter står også bak sentrumsplanen for Myrkdalen Fjellandsby. 

Prisliste Kilegarden


NR  Areal (kvm) Pris
0.1 59,1 3 450 000
0.2 49,7 2 950 000
0.3 49,7 2 950 000
1.1 59,1 3 550 000
1.2 49,7 3 150 000
1.3 49,8 3 150 000
1.4 49,8 3 150 000
1.5 49,8 3 150 000
2.1 59,1 3 700 000
2.2 49,7 3 350 000
2.3 49,7 3 350 000
2.4 49,7 3 350 000
2.5 49,7 3 350 000
2.6 42,6 2 850 000
2.7 43,4 2 850 000
3.1 59,1 4 000 000
3.2 49,7 3 550 000
3.3 49,7 3 550 000
3.4 49,7 3 550 000
3.5 49,7 3 550 000
3.6 42,6 2 950 000
3.7 43,4 2 950 000
4.1 59,1 4 200 000
4.2 49,7 3 750 000
4.3 49,7 3 750 000
4.4 49,7 3 750 000
4.5 49,7 3 750 000
4.6 83,3 5 900 000

Leilgheitene kjem med eigen parkeringsplass i kjellar. Kostnader knytt til parkering kjem i tillegg til kjøpsum. Vil du kjøpa leilegheit i Kilegarden kan du kontakta:

Eigedomsdirektør i Myrkdalen Fjellandsby 
Nils Akselberg
E-post: [email protected]
Tel: +47 91 67 30 13

Meklar i KaPa
Vidar Nøttveit
E-post: [email protected]
Tel: +47 48 88 84 02