MX Sport Skimesse

Lørdag 9. og søndag 10. januar er det klart for MX si store skimesse med kurs, shopping og mykje moro i Myrkdalen! Det vert stor salgsmesse på Myrkdalen Hotel, skiskule for liten og stor, testing av ski og snowboard, skøytekurs, smørekurs og mykje meir. Velkomne til ei flott skihelg i Myrkdalen!

Skiskule
Oppmøte for skikursa er utanfor Skiskulen. Alle må møta 15.min før kursstart og ha med seg heiskort. Heiskort kan du enklast kjøpa HER eller i billettluka/resepsjonen i Myrkdalsstovo, samt på Myrkdalen Hotel. Born under 7 år er gratis, men dei må ha eige KeyCard. Skal du også leiga skiutstyr kan du gjera det i Skiutleiga som opnar kl. 09.00.  Hugs å kle dykk godt og ha med hals og varme vottar/hanskar. Instruktørane på kursa ønskjer at foreldra ikkje er tilstades under kursa då dette ofte kan ta vekk merksemda for borna.  

Merk deg: Påmeldinga for kursa er no avslutta. For drop-in er det å møta på skimessa og håpa på å få plass. Det er også mogleg å kontakta skiskulen for å høyra om noko er ledig.  

Gratis Skidemo kl. 10.00-15.30 (lørdag og søndag)
Under skidemo kan du testa ski fra MX sine leverandørar. Det vert oppmoda om to turar per ski, slik at flest mogleg kan prøva dei ulike skia. Me gjer dykk merksame på at ein kan ikkje låna ski til å bruka på dei ulike kursa, då leverandørane ønskjer at flest mogleg skal få testa skia. K2 stiller også med snowboard for demo.  

Gratis Skidemo Norges Skiforbund Telemark kl. 10.00-15.30 (lørdag og søndag)
Skiforbundet er på plass med sin mobile «skistall» og her kan du testa telemarkski og støvlar.   

Gratis Skøytekurs kl.10.30-12.30/ kl.13.00-15.00 (lørdag og søndag)
Oppmøte for skikursa er utanfor Skiskulen. Ha med eige utstyr til kurset og hugs å ta med drikke.  

Gratis Smørekurs kl.16.45- 18.15 (lørdag)
Smørekurset vert arrangert i varmestova i Myrkdalsstova.  

Messesal:  Lørdag kl. 10-16.30 / Søndag kl. 10-15.30
I konferansesalen på Myrkdalen Hotel er det messesal med sportsutstyr og ski til fantastiske prisar.

Ledige rom på Myrkdalen Hotel
Myrkdalen Hotel har framleis ledige rom. Bestill overnatting HER