• Bu
  • Gjere
  • Heiskort
Bu
Gjere
Heiskort

Hytter og leilegheiter med høg standard

I Myrkdalen Fjellandsby kan du bu godt i hytter og leilegheiter med sjølvhushald av ulik størrelse. Alle einingane har høg standard og ligg nært vandrestiar om sommaren og skisenteret om vinteren.

Generell informasjon
Dei fleste hyttene og leilegheitene er privateigde – innreiinga og utstyret varierer difor frå eining til eining. 

Alle hyttene og leilegheitene har fullt utstyrt kjøkken, TV og oppvaskmaskin, bad med dusj/toalett og sofagrupper med salongbord. 

Hjå oss kan du gjera ferien din ekstra komfortabel ved å leggja sengetøy, ved og barneseng direkte inn i bestillinga di. Nokre einingar har også vaksemaskin. I bookingprosessen kan du leggja inn førespurnad om dette, men me kan ikkje garantere at ynskjet ditt vert innfridd.

I hjarta av fjellandsbyen ligg det moderne fjellhotellet Myrkdalen Hotel. Som gjest i Myrkdalen Fjellandsby kan du nyta godt av fasilitetane på hotellet. Her er tre restaurantar, afterski og bar. Hotellet har også leikerom for dei minste og gratis WiFi om du har behov for det.

Prisliste og bestilling
Vinter: Sjå prisliste på hytter og leilegheiter for vinteren 2016 / 2017 
Sommar: Sjå prisliste på hytter og leilegheiter for sommaren 2017
Du kan bestilla Studio, 2-roms og 3-roms leilegheiter online. 

Større leilegheiter (4 og 5 rom), samt hytter kan du bestilla ved å ringa +47 47 47 16 00. Dette gjeld også dei hyttene/leilegheitene som tillèt husdyr. NB! Det er 23 års aldersgrense for bestilling av hytter og leilegheiter

Catering
Ynskjer du å nyta eit godt måltid på hytta di? Restaurant Nuten tilbyr catering med gode rettar på menyen. 

"Leig ein kokk"
Leig ein kokk er eit tilbod for deg som ynskjer å ha eit hyggeleg måltid på hytta utan å gjera jobben sjølv. Kokken lagar maten og serverer deg og dine gjester.  

 

Open Klasse

Open Klasse inviterer til kreativ moro i leikent vestlandsterreng. Ta med ski, snøbrett og gul smurning og set punktum for sesongen i Noregs beste vårpark, saman med fleire av verdas største jibbeprofilar!

Les meir

MyrkLeik Vinter

Vinterversjonen av MyrkLeik Fjellfestival blir arrangert frå 21 - 23. april 2017. Dette er ein festival for deg som er glad i snø, ski og fjell!

Les meir