Konferanse på Myrkdalen Hotel

Ynskjer bedrifta di å kombinere fagleg påfyll med naturbaserte opplevingar? Då er Myrkdalen Hotel på Voss ein perfekt stad for dykk. Hotellet har møterom og salar med fleksible og moderne løysingar like ved Vestlandet sitt største skisenter.

Møterom med fleksible løysingar
Me kan tilby ein stor sal eller to mellomstore, og tre mindre møterom i fyrste etasje. I tillegg kan me leggja til rette for møte i ei av suitene våre.

Den største salen er 180 kvm og rommar 190 personar i kino- og 130 personar i klasserom-oppsett. Salen kan også delast inn i to mindre einingar som tek 60 / 90 personar i kino eller 44/ 76 i klasserom.

Me har tre ulike møterom til disposisjon. Her varierer oppsettet frå styrebord, u-bord, klasserom eller kino og høver for små eller mellomstore grupper opp til ca. 25 personar. Me er sjølvsagt fleksible og finn ei løysing som passar for ditt møte eller kurs.

Hjå oss får ein heiskort eller guida vandretur inkludert i kurspakka.  

Både salar og møterom har takmonterte prosjektørar og integrerte løysingar for lyd og lys. I tillegg inneheld dei teleslynge, og videokonferanseutstyr. Det er gratis trådlaust nettverk på heile hotellet.

Aktivitetar året rundt
Voss er kjend som eit eldorado for utandørsaktivitet. Difor er det på sin plass at konferansepakka vår har gratis heiskort inkludert om vinteren og guida vandretur i sommarhalvåret. Ynskjer de andre aktivitetar som til dømes teambuilding, rafting og klatrepark organiserer me sjølvsagt dette for dykk.

På Myrkdalen Hotel ligg alt til rette for effektive møter – i pausen kan ein nyta naturen og henta inspirasjon til neste arbeidsøkt. Ta kontakt, så skreddarsyr me ein konferanse – akkurat slik du ynskjer det!

Kontakt:
Emelie Waag
Kurs- og Konferanseansvarleg 
Tel: +47 47 47 16 00
E-post: [email protected]