Velvære på Myrkdalen Hotel

Kva er vel ikkje betre enn å få ein god massasje etter ein lang dag full av opplevingar?

På Myrkdalen Hotel kan du få ulike typar massasje og timane vert sjølvsagt tilpassa dine ynskjer og behov.

Bindevevsmassasje
Fokus på triggerpunkt med ein kombinasjon av djup bindevevsmassasje og lettare massasje som aukar sirkulasjonen.

Svangerskapsmassasje
Avslappande behandling som lindrar smerte og ubehag i musklar og ledd for deg som ventar born i andre eller tredje trimester.

Sportsmassasje
Me identifiserer kva type behandling du treng ut i frå dine spesifikke behov.

Kraniosakral terapi
Ei behandlingsform som omfattar lett berøring av ansiktet, hovudet, ryggsøyla, korsbeinet og halebeinet for å retta opp forstyrringar som belastar sentralnervesystemet.

Prisar for behandling
60 minutt behandling - kr 850,-
90 minutt behandling – kr 1200,-

Yoga
Me tilbyr privat yoga på bestilling frå kr 850,- per time.

Booking massasje og yoga
lisawortman@gmail.com / (+47) 98 54 27 94
Avbestillingsreglar: Bestillingar må avbestillast seinast 24 timar i forkant. Avtalar som ikkje vert nytta må betalast i sin heilheit. 

Manikyr og pedikyr
A-nails tilbyr manikyr, pedikyr og farging av bryn og vipper på bestilling. Spør om meir informasjon I resepsjonen på Myrkdalen Hotel.

Booking manikyr og pedikyr
buk.agne@gmail.com / (+47) 96 82 40 69