MyrkLeik Fjellfestival Vinter

Velkomen til den tredje utgåva av MyrkLeik Fjellfestival frå 21. - 23. april. Dette er festivalen for deg som er glad i snø, ski og fjell! På årets program er blant anna toppturar, fjellskitur, nattrangling med Åsnes, 2-dagar praktisk skredkurs, toppturkurs, kurs innan skiteknikk, frikøyring, skredlære og navigasjon, epokefest, Dagens Video og skileik for born!

Kjøp festivalpass/dagspass og meld deg på HER. Når du kjøper pass får du tilsendt ei lenkje der du melder deg på kvar spesifikk aktivitet under festivalen. Har du spørsmål angåande festivalen kan du ringa Margrethe Alm på tlf 91892468

Toppturar
Under festivalen vert det i år to ulike toppturar kvar dag - ein lågterskeltur i området rundt Myrkdalen og ein litt lenger og krevjande tur i Vossaregionen. Aktuelle turar i  Myrkdalen er Bjørndalskamben, Svolefjell og Finnbunuten. For dei meir krevjande toppturane ynskjer me å utforska i områda Lund på fredag, Jordalen på laurdag og fjelltoppar i nærleiken av Voss på sundag. Merk deg at område kan blir endra ut i frå vèr og føre rett før eller under festivalen.  

Krav til utstyr: Skredutstyr (sendar/mottakar, spade og søkestang), toppturski/split board og feller, varme klede, mat og drikke

Nattrangling med Åsnes fredag 21. april kl. 16.30 : Fullbooka

Fjellskitur
Voss Utferdslag tek deg med på fjellskitur laurdag 22. april. Dei tek deg med inn i majestetiske Jordalen og aktuelle fjelltoppar er til dømes Bakkanosi eller Skarsnosi. Dette er turar av moderat vanskegrad og tek 6-8 timar tur/retur. Fjelltopp blir bestemt ut i frå vèr og føre.

Krav til utstyr: Fjellski, varme klede, mat og drikke

2-dagar praktisk skredkurs
Lørdag 22. og søndag 23. april har du ein unik sjanse til å bli med NVE sin snøskredobservatør, Ragne Elise Berre, på todagars skredkurs! Under kurset får du praktisk innføring i bruk av varslingstenesta Varsom og observasjonsverktøyet regObs. Samstundes vil kurset gje ein innføring i snøkjennskap, vurdering av terreng og vegval, ferdselsmønster og kameratredning. Me legg opp til ein dag på topptur og ein dag i skianlegget.

Krav til utstyr: Skredutstyr (sendar/mottakar, spade og søkestang), toppturski/split board og feller, varme klede, mat og drikke

Toppturkurs for nybyrjarar 
Har du lyst til å gå toppturar, men treng litt hjelp til å koma i gang? Lørdag 22. april kan du bli med på dagskurs med Skiskulen!  Kurset legg vekt på både gåteknikk og nedkøyringsteknikkar. Dei går også gjennom litt skredteori undervegs, linjeval, bruk av sendar/ mottakar, utstyr, kameratredning mm. 

Krav til utstyr: Skredutstyr (sendar/mottakar, spade og søkestang), toppturski/splitboard og feller, varme klede, mat og drikke.  

Minikurs – teknikk alpint
Skiskulen sitt teknikk alpint-kurs er eit svært nyttig kurs for alle som vil bli betre teknisk på ski! Fokus på kurset er blant anna korleis ein skal handtere alle typar føre og  lys for å få maksimalt utbyte av skikøyringa. Dei går også gjennom økonomisk køyring, det vil sei at ein ikkje brukar fleire krefter enn naudsynt for å ha gode skidagar. Alle nivå er velkomne på kurset – skiskulen deler inn i grupper for lett øva og vidarekomne. 

Minikurs – frikøyring
Bli med på skiskulen sitt minikurs i frikøyring. Her er fokus på kameratkøyring og skiteknikk, innføring i vurdering av terreng og vinklar. Høg aktivitet og god skikøyring. Alle er velkomne på kurset – skiskulen deler inn i mindre grupper etter nivå og erfaring. 

Minikurs - Intro skredlære
Dette kurset blir arrangert i skredsøkarbana vår der me i hovudsak øver på bruk av sendar/ mottakar. Me kjem også til å sjå på nokre snøprofilar, samt ta ein liten tur utanfor løypene.

Åsnes Gladkøyringskurs 
Sundag 23. april kan du avslutta festivalen med eit heisbasert gladkøyringskurs. Fokus på linjeval, små dropp og flyt. 

Minikurs – Kart og kompass med Voss Utferdslag
Bli med på eit nyttig minikurs i orientering i vinterfjellet med Voss Utferdslag. Kurset har fyrst ein teoretisk del innandørs, før me går ut gjer ulike praktiske øvingar. Alle må ha med eige kompass og kart over Myrkdalen.

Yoga
Laurdag kl 16.00 - 17.00 kan du bli med på yoga med instruktør Lisa Wortman på Myrkdalen Hotel. Drop in: 100 kr

Baboo Reggae Bash m/African Sunz & J.Laville 
Fredag kl 22.00 lagar reggae/hip hop klubben Baboo Reggae Bash liv på Pudder Afterski. Dei har med seg den norske afrobeat-sensasjonen African Sunz og DJ J.Laville frå London.  African Sunz sine songar har blitt spelt i diverse P3 program, og under årets ByLarm var konserten deira omtala som eit av høgdepunkta for publikum. På laurdag spelar dei utanfor Pudder Afterski kl 16.30. Konsertane er gratis og er ope for alle. Aldersgrense fredag kveld på Pudder Afterski: 20 år

Dagens Video og vorspiel med Åsnes (laurdag 22. april)
Tradisjon tru vert det Dagens Video i Storebotn kl 21.00 og vorspiel med Åsnes, som har ulike konkurransar med premiar. Dette arrangementet er gratis og er ope for alle! Aldergrense: 18 år

Epokefest laurdag 22. april
Frå kl 22 blir det epoke-fest på Pudder Afterski! Kle deg i din favoritt ski-epoke - me stiller med frisør som legg siste handa på verket, samt fotograf. Frisørane finn du i konferanseromma ved Salto Lobby Bar frå kl. 18.00 - 22.00. 

 DJ’en vår tek sjølvsagt alle epokane til dansegolvet! Dette arrangementet er gratis og ope for alle. Aldersgrense: 20 år

Skidemo
Åsnes stiller med eit stort utval av årets skimodellar på festivalen. Du finn dei på oppsida av Myrkdalen Hotel lørdag 22. og søndag 23. april kl 10.00 - 15.00. Skal du på topptur på fredag og vil prøva eit par Åsnes toppturski, kan du møta dei torsdag kveld på Myrkdalen Hotel kl 19.00 - 21.00. 

SkiLeik i Badnabakken
Lørdag og søndag under MyrkLeik inviterer Sparebanken Vest til SkiLeik for heile familien i barneområdet. Arrangementet er gratis og det blir organiserte leikar, historiestund, aking, hopp, ulike løyper m.m. Aktivitetane passar både med langrennski og slalåmski. Les meir HER

Buss
Det går buss frå Myrkdalen – Voss natt til sundag kl 01.00. Pris: 100 kr per person. Kjøp bussbillett HER

Festivalpass

For MyrkLeik Fjellfestival Vinter kan du i år kjøpa 6 ulike pass til festivalen:

1. Festivalpass: Kr 1150
Alle aktivitetar frå 21. - 23. april er inkludert

2. Dagspass Fredag: Kr 500
Alle aktivitetar fredag 21. april er inkludert 

3. Nattrangling med Åsnes 21. april: Kr 300
Fredag 21. april kl 18.00 inviterer Åsnes til nattrangling på Finnbunuten. Dette er ein sosial fellestur som alle kan bli med på! På toppen blir det lett servering og drikke før me køyrer ned til afterski på hotellet. 

4. Dagspass Lørdag: Kr 500
Alle aktivitetar lørdag 22. april er inkludert

5. Fjellskitur til Jordalen 22. april: Kr 300
Bli med på nydeleg fjellskitur til majestetiske Jordalen

6. Dagspass Søndag: Kr 350
Alle aktivitetar søndag 23. april er inkludert

Kjøp pass til MyrkLeik Fjellfestival Vinter

Vel fyrst dato og så velgjer du kva pass du vil kjøpa. Fredag 21.april kan du kjøpa festivalpass, nattrangling med Åsnes og dagspass fredag. Laurdag 22. april kan du kjøpa dagspass laurdag og fjellskitur til Jordalen. Sundag 23.april kan du kjøpa dagspass sundag.

Loading...