MyrkLeik kveldsprogram

Bli med på konsert med Baboo Reggae Bash, vorspiel med Åsnes og epokefest under MyrkLeik Fjellfestival! Alle arrangementa er gratis og er ope for alle.

Fredag 21. april

Kl 22.00: Baboo Reggae Bash m/African Sunz & J.Laville 
Reggae/hip hop klubben Baboo Reggae Bash lagar liv på Pudder Afterski. Dei har med seg den norske afrobeat-sensasjonen African Sunz og DJ J.Laville frå London.  African Sunz sine songar har blitt spelt i diverse P3 program, og under årets by:Larm var konserten deira omtala som eit av høgdepunkta for publikum. Konserten er gratis - aldersgrense 20 år

Laurdag 22. april

Kl 16.30: Live musikk utanfor Pudder Afterski
På laurdag spelar Baboo Reggae Bash utanfor Pudder Afterski kl 16.30. Konsertane er gratis og er ope for alle. Aldersgrense fredag kveld på Pudder Afterski: 20 år

Kl 21.00: Dagens Video og vorspiel med Åsnes 
Tradisjon tru vert det Dagens Video i Storebotn  og vorspiel med Åsnes, som har ulike konkurransar med premiar. Dette arrangementet er gratis og er ope for alle! Aldergrense: 18 år

Kl 22.00: Epokefest 
Finn fram kleda frå din favoritt ski-epoke! Frå kl 22 blir det epokefest på Pudder Afterski! Me stiller med frisørar og sminkørar som legg siste hand på verket, samt fotograf. Frisørane finn du i konferanseromma ved Salto Lobby Bar frå kl. 18.00 - 22.00. DJ’en vår tek sjølvsagt alle epokane til dansegolvet! Dette arrangementet er gratis og ope for alle. Aldersgrense: 20 år

Sjå heile programmet på MyrkLeik Fjellfestival HER