Velkomen til Myrkdalen

Snøsikre Myrkdalen ligg i den nordlege delen av Voss Kommune, heilt opp på grensa til Sogn og Fjordane. Bergen er to små timar unna med bil, og du treng verken kryssa fjell eller fjord for å koma fram.  

Vestlandets største skisenter
I Myrkdalen er Vestlandets største skisenter – med familievenlege bakkar, løyper i alle vanskegradar, parkar, skicross-løyper og herleg off-piste terreng. I tilknytning til skisenteret finn ein også preparerte langrennsløyper og flott terreng for fjellski og toppturar.

Myrkdalen i sommardrakt – eit aktivitetseldorado
Om sommaren byr området på vandrestiar i alle utgåver og eit spanande aktivitetstilbod som til dømes klatrepark, rafting, hesteriding, vindtunnell og paragliding. Myrkdalen ligg berre ein kort biltur unna Sognefjorden – hjå oss kan du kombinera fjell- og fjordidyll på ein og same dag.

Overnatting med ski inn og ski ut
I Myrkdalen kan du bu godt på det moderne fjellhotellet Myrkdalen Hotel eller i hytter og leilegheiter av ulik storleik. Alle overnattingseiningane våre har høg standard og ligg i nærleiken av bakken med ski inn og ski ut.   

Eig din del av opplevinga – kjøp eigedom i Myrkdalen
Myrkdalen er ein fritidsdestinasjon i rivande utvikling. Her skjer utbygging av skianlegg og fritidsbustader parallelt med tilrettelegging av nye heilårsaktivitetar. Myrkdalen Fjellandsby har nye leiligheter, både med tradisjonell og moderne arkitektur, for sal. Alle prosjekta ligg midt i hjarta av fjellandsbyen – dei aller fleste ski-inn ski-ut, sjølvsagt.