SkiLeik for born

Sparebanken Vest inviterer til SkiLeik for born og unge i Badnabakken under MyrkLeik Fjellfestival. På programmet står organiserte leikar, historiestund, aking, hopp, ulike løyper m.m.

 

Ta med heile familien og nyt kjekke vårskidagar i Badnabakken med oss. Tilskipinga er gratis og aktivitetane passar både med langrenn- og slalåmski 

Program 
11.00 - Felles leikar med langrenn- og fjellski. Oppmøte nedanfor bandet
12.00 - Indroduksjon til skøyteski ved Sindre Ure Søtvik. Han viser grunnleggjande skøyteteknikk og gir borna gode tips.
Sindre er ein av Norges beste utøvarar i kombinert. Han er World Cup deltakar denne sesongen, og har 2. plass frå NM i kombinert i 2016.
12.30 - Barnerenn for heile familien. Påmelding ved heisbua frå 12.00
13.00 - Historiestund med Magne Sørestrand

Tidspunkt
Laurdag 22. og sundag 23. april kl 11.00 - 14.00

Velkomne!