Foto Chris Baldry
Det snør!

-2

5 m/s

8 / 9

HEISER ÅPNE

22 / 23

LØYPER ÅPNE
Full rapport

Velkomen til Myrkdalen

Eit komplett og familievenleg skisenter

Myrkdalen Skisenter er eit av Noregs populære skisenter og ligg i Voss herad, midt i hjarta av Vestlandet, berre to små timar frå Bergen. Med ein lang sesong som ofte varar frå november til mai, er dette skisenteret den ideelle staden for skiløparar i alle aldrar og nivå.

Eit skisenter med særpreg

Myrkdalen ligg i Voss herad, berre to små timar frå Bergen. Vestlands mest komplette skisenter er omkransa av høge fjell, djupe dalføre, spektakulære fjordar og ein genuin bygdekultur. Dette skapar eit særpreg som gjer at me kan tilby deg eit stort spekter av kontrastfylte opplevingar.

  • Eit snøsikkert pudderparadis – Skianlegget i Myrkdalen er eitt av dei mest snøsikre skistadane i Noreg, og sesongen varar som ofte frå november til mai. Alpinsenteret er blant alpinanlegga i Noreg som tronar høgt på snømålingene gjennom vinteren.
  • Det er enkelt å ta med heile familien på ski. Alpinanlegget har eige barneområde med lett tilkomst frå parkering, leilegheiter og Myrkdalen Hotel.

 

Morosame skikøyring med 22 skiløyper og 9 skiheisar

Skianlegget har 22 skiløyper fordelt på ulike vanskegrader, frå familievenlege alpinbakkar til fartsfylte skicross-løyper og herleg off-piste terreng. Dessutan har alpinanlegget 9 skiheisar, inkludert 2 ekspressstolheisar, så du enkelt kan koma opp på fjelltoppane og nyta alt det alpinsenteret har å by på. Sjå løypekart og løypeskildringar her.

Myrkdalen Skisenter tilbyr også skipass for både dag- og sesongbruk, så du kan få mest mogleg ut av besøket ditt. Skisenteret har ope frå måndag til søndag. Opningstidene varierer, avhengig av sesongen. Du kan finna oppdatert informasjon om opningstider her.

Kjøp heiskort her

Om du leitar etter ein skistad i Noreg som tilbyr ei unik skikøyringsoppleving, er Myrkdalen Skisenter det ideelle valet.

Besøk skisenteret og opplev den fantastiske naturen i Fjord Noreg, medan du nyt fine dagar på ski.

Vestlandets største parkområde

 

Langrenn & Fjellski

For deg som vil trena langrenn eller ynskjer familievenlege turar ligg Årmotslia og rett over vegen for skisenteret.
Her finn du preparerte løyper for både klassisk og skøyting.

Reisa til Myrkdalen

Myrkdalen ligg i Voss herad

Myrkdalen ligg i den nordlege delen av Voss herad, berre to timar unna Bergen, Sogndal og Geilo.

map
Reisa til Myrkdalen

Myrkdalen ligg i Voss herad

Myrkdalen ligg i den nordlege delen av Voss herad, berre to timar unna Bergen, Sogndal og Geilo.

Find us - Myrkdalen