Langrenn & Fjellski

For deg som vil trena langrenn eller ynskjer familievenlege turar ligg Årmotslia rett over vegen for skisenteret. Her er det preparerte løyper og 5 km lysløype - perfekt for dei som vil ta ut den siste energien med ei kveldsøkt. Når forholda tillèt det, blir det også trakka langrennsløyper innover mot Revhaugen og Reppane.

Merknad:  Før det er komme ein skikkeleg snøsåle vert Årmotslia trakka meir sporadisk og trakkinga vert ikkje alltid utført med maskin som har GPS. Informasjon som ligg på skisporet.no er difor ikkje alltid oppdatert no. 

På Vikafjellet er det gode høve for fine fjellskiskiturar i dei vakre fjellområda – her finn du både toppar og slake vidder. Ein vanleg plass å starte frå, er parkeringplassen like ved Fylkesgrensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane. Vikafjellet er godt eigna både for langturar og barnefamiliar som vil på pulktur og nyta snøen. Områda rundt Myrkdalen har også fint turterreng. Flotte turar som Bjørndalskamben og Finnbunuten passar best når vêret er fint og stabilt. 

Hugs å ta med kart og kompass! Dette kan du kjøpa hjå Myrkdalen Sport & Skiutleige. 

Søndagstilbod

Har du fri ein måndag og vil nyta dagen på ski? Denne vinteren har me søndagstilbod for alle som kan forlenga helga med ein ekstra skidag. 

Pris fra NOK 750,-
Les meir