22 løyper og ni heisar

Myrkdalen har alt frå familievenlege bakkar, løyper i alle vanskegradar, parkar, skicross-løype og herleg off-piste terreng. Skisenteret har totalt ni heisar fordelt på to 6-setars ekspressheisar, tre t-krokheisar, tre tallerkentrekk og eit saktegåande rulleband for dei aller minste.

Sjå vårt løypekart for vinteren 2016/2017

Her finn ein alt frå familievenlege grøne løyper, lange blå for nybyrjarar og meir krevjande svarte for dei mest erfarne.

22 varierte løyper
Me har eit samanhengande løypenettverk, med totalt 22 varierte løyper i alle vanskegradar. Tilsaman byr Myrkdalen på 28,5 km med preparerte løyper. Køyrer du frå toppen av anlegget som ligg på 1060 moh får du tre kilometer med skikøyring og 610 høgdemeter før du igjen står utanfor Myrkdalen Hotel. Løypene våre er breie og oversiktlege - Myrkdalen er difor ein perfekt plass å læra seg å stå på ski.    

Søndagstilbod

Har du fri ein måndag og vil nyta dagen på ski? Denne vinteren har me søndagstilbod for alle som kan forlenga helga med ein ekstra skidag. 

Pris fra NOK 750,-
Les meir