Kafèar og restaurantar ved skisenteret

Ved skisenteret finn ein fleire kafèar og restaurantar med god mat på menyen. I fyrste etasje på Myrkdalsstovo og i Pudder Afterski kan du ta med deg nista di.

Myrkdalsstovo Kafè
I 2. etasje i Myrkdalsstovo er den største kafèen vår. Her serverer me rask mat for folk i farta. Hotellet står for serveringa – det betyr kortreiste råvarer og gode rettar. 

Opningstider
Kvar dag frå kl 09.30 - 15.30

Myrkdalsstovo Varmestove (1. etasje)
I vinter utvidar me den koselege kafèen vår og får større plass og ny meny. Me kan no freista med både sveler, rykande varm suppe og ferske bakevarer. Hjå oss kan du også eta nista di. 

Opningstider
Kvar dag kl 08.30 - 17.00
Ope til kl 19.00 under kveldskøyring. Utvida opningstider i feriar

Restaurant Tunet
Restaurant Tunet på Myrkdalen Hotel er ein familivenleg restaurant med heimelaga pizza og pastarettar på menyen. 

Tunet tilbyr også take-away. Ta med pizzaen heim på hytta, eller som niste til bilturen.

Opningstider
Mandag - tirsdag: Stengt
Onsdag - torsdag kl 12.00 - 20.00
Fredag - lørdag kl 11.00 - 22.00
Søndag kl 11.00 - 20.00

Pudder Afterski 
På dagtid er Pudder Afterski på Myrkdalen Hotel ein kafè med enkle rettar som til dømes suppe, hamburger, spare ribs og baguettar på menyen. Du kan også ta med deg nista di. 

Opningstider matservering
Lørdag - søndag kl 12.00 - 14.30

Salto Lobby Bar
Salto finn ein like ved resepsjonen på Myrkdalen Hotel. Her kan du lena deg tilbake i ein god sofa framfor peisen. På menyen er det enkle rettar og god drikke. 

Opningstider matservering
Lørdag - søndag frå kl 12.00 - 16.30

Restaurant Nuten
Om du vil nyta eit godt måltid med god drikke kan du bestilla bord på Restaurant Nuten på Myrkdalen Hotel. A la carte menyen og dagens middag vert komponert utifrå tilgangen på ferske og kortreiste råvarer slik at du kan nyta dei ulike smakane av Myrkdalen – kvar dag.

Opningstider A la Carte/ Middag (kvar dag)
A la carte kl 17.00 - 22.00
Dagens middag kl 18.00 - 21.30

Helgatun
Like ved påstigninga til Helgatuntrekket ligg Helgatun Fjellpensjonat. Her finn du ein hyggeleg kafé med mange gode rettar, både varme og kalde. Likar du risgraut på laurdagar eller skikkeleg god betasuppe så må du ta turen innom. Ope lørdagar og søndagar frå 7. januar 2017.