Myrkdalen Sport & Skiutleige

Velkomen til sportsbutikk, skiutleige og skiskule under eit og same tak i Torggarden. Me tilbyr alt du treng til ein aktiv kvardag! Myrkdalen Sport & Skiutleige opna torsdag 22. desember 2016 og er allereie godt i gang med drifta.

Kompetanse i høgsete
Me gjer gode råd og finn utstyret som passar akkurat deg. Hjå oss får du alt du treng innan alpint, fjellski, randonne og langrenn. Du vel sjølv om du vil leiga eller kjøpa.

Skiutleige
Treng du å leiga skiutstyr eller vil du prøva noko nytt? Myrkdalen Skiutleige har utstyr for alle aldrar og nivå. 

Fordelen med å leiga ski eller snowboard er at utstyret er nyslipt og preparert. Med godt utstyr får du får maksimalt ut av skiferien din i Myrkdalen!

Skiutleiga har eit breitt utval av alpintutstyr for nybyrjarar til ekspert, både for born og vaksne. Her kan du også leiga snowboard, langrennski og barnepulkar. Hjelm får du låna gratis hjå oss så langt lageret rekk. Prisar vinter 2016 - 2017

Verkstad
Har du eige utstyr? Hugs at skigleda er mykje større når utstyret er i god stand. Me fiksar skarpe kantar og god glid! 

Kjende merkevarer
Me fører kjende varemerke som Åsnes, Bjørn Dæhlie, Therese Johaug , Sweet, Kari Traa, Bula, Ortovox, Mammut og mange fleire.

Åsnes testsenter
Prøv ski før du kjøper! Me er offisielt testsenter for Åsnes - hjå oss kan du testa robuste ski til frikøyring, topptur- og fjellskitur.

Opningstider
Sportsbutikken har ope heile året – og kvar dag i vintersesongen.

Søndagstilbod

Har du fri ein måndag og vil nyta dagen på ski? Denne vinteren har me søndagstilbod for alle som kan forlenga helga med ein ekstra skidag. 

Pris fra NOK 750,-
Les meir