Smak og tonar med Johannessen og Hjeltnes

Laurdag 18. november har me gleda av å invitera til ein musikalsk og kulinarisk heilaftan på Myrkdalen Hotel. Det blir eit musikalsk humorshow med pianist og komikar Sjur Hjeltnes og den prisbelønte mesterkokken Ørjan Johannessen lagar 4-rettars middag.

Prisar og bestilling
1. Førestilling og 4-rettars middag med drikke: Kr 1390,- per personBestill HER

2. Førestilling, 4-rettars middag med drikke og overnatting i dobbeltrom på Myrkdalen Hotel, inkludert frukost: Frå kr 1795,- per personBestill HER

Sjur Hjeltnes
Er ein klassisk pianist og seriøs komikar. I sitt heilaftans show tek han fram mikroskopet og ser nærare på livet, døden, kjærleiken og musikken. Utan hemningar pløyer han gjennom musikkhistoria fram til i dag på jakt etter godbitar, gløymde låtar og skjulte skattar. Med musikk, song og kanskje til og med litt dans prøver han å besvara dei store spørsmåla: Kven er me? Kva gjer me her? Kvar skal me? Kvifor får dei som spelar gitar alltid dei beste damene? Om du satt på bakerste pult og sov i musikktimane på skulen, då må du få med deg dette showet!
Førestillinga byrjar kl 18.00

Ørjan Johannessen
Er frå Austevoll i Hordaland og vaks opp på kjøkkenet med kokkeforeldra sine ved Bekkjarvik Gjestgiveri. Han er to gonger kåra til Årets Kokk i Noreg, vann Bocuse d’Or Europe i 2012 og i 2015 vann han Bocuse d’Or i Lyon (VM i kokkekunst). Johannessen er ein allroundar på kjøkkenet med stor sans for lokale råvarer og tradisjonelle rettar med ein ny vri. Han er mykje ute og reiser, og vitjar mange ulike kulturar med eit mål for auga: Inspirasjon! Drikke til 4-rettars middag er inkludert i prisen.

Middagen byrjar kl 20.00.