Sommarski på Vikafjellet

Kvar dag frå 4. mai (så lenge forholda tillèt det), blir det dagleg trakka ei flott 7 km langrennsløype på Vikafjellet.

Løypa ligg rett etter grensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane. Ved infoskiltet til sommarski  finn du ei postkasse for å betala avgift - kr 150 per person. Hald deg oppdatert om forholda på fjellet ved å fylgja med på Facebooksida til Vik Skisenter.

God tur og hugs solkrem:)