Trygg i Myrkdalen

Skivettreglane
Me ber deg om å lesa gjennom og følgja skivettreglane, slik at skianlegget blir ein trygg stad å vera for alle. Dette kan du lesa HER

Skianlegget utanom opningstida
Etter anlegget si opningstid er skisenteret å betrakta som eit anleggsområde og me kan ha ein del maskiner i gang. Trakkemaskinene er i løypene, og dei kan koma brått på dersom du kjem i god fart nedover. Det blir også brukt ei trakkemaskin med vinsj, dvs ein ståltråd mellom maskina og eit vinsjefeste. Denne tråden er relativt tynn, er vanskeleg å sjå og ligg ofte rett over snøen. Vèr forsiktig og sørg for å ha blikk-kontakt med sjåføren dersom du nærmar deg ei trakkemaskin. Det er forbudt å bevega seg i område rundt trakkemaskiner i arbeid (minsteavstand 25 m).

Snøproduksjon
Det er også ein del farer under snøproduksjon, som til dømes isete snøhaugar, endring av føre med våt snø sjølv om det er kaldt vèr. Det vert òg nytta slanger med svært høgt trykk og elektriske kablar. Hald difor god avstand til alle installasjonar tilknytt snøanlegg.

På veg oppover i løypa?
Gå alltid i ytterkanten på løypa. Når du nærmar deg ein bakketopp, gå på utsida av løypa/stikkene slik at du unngår kollisjon med skiløpar som kjem nedover. Det er forbode å skli i nypreparerte løyper om kvelden, då sporet etter ein skiløpar kan væra svært øydeleggjande neste dag når det frys til og alt er blitt fast og fint. 

Skikøyring utanfor løypene er på eige ansvar
Skianlegget har ansvar for oppmerka og preparerte løyper. Dersom du forlatar løypene er all skikøyring på eige ansvar. Det vil seie at ein må vera merksam på ulike farer i fjellet. Døme på dette er bekkefar, stein, skredfare, skavlar osb. Sjå oppsett skredfaregrad i anlegget med tilhøyrande forklaring.

www.varsom.no finn du meir informasjon om skredfaren i regionen vår. Me anbefalar deg å skli med andre dersom du skal stå på ski utanfor løypene. Då kan ein hjelpa kvarandre dersom problem oppstår.

Viktige telefonnummer
Skipatrulje: 415 18 002
Me anbefalar deg å lagra dette nummeret på telefonen din. Prøv å gje ei god skildring av plasseringa di og kva du treng hjelp til. Dette nummeret blir besvart i opningstida til skianlegget.
Legevakt: 116117
For akutt medisinsk hjelp: 113
Sentralbord: 47 47 16 00