Bornas sykkelfestival
Me ynskjer velkomen til bornas sykkelfestival i Myrkdalen 26. - 27. august! Arrangementet er for alle born i alderen 6-12 år, med fokus på meistring og leik på to hjul.
TRE ALDERSGRUPPER
Deltakarane blir delt inn i mindre grupper ut i frå alder, 6-7 år, 8-9 år og 10 - 12 år, med eit variert innhald for alle aldersgruppene.
BORNAS SYKKELRITT
Sykkelfestivalen blir avslutta med bornas sykkelritt - eit kjekt arrangement utan tidtaking i ei løype som alle kan gjennomføra. Borna får startnummer på sykkelen og det vert medaljesermoni etter gjennomført ritt.
SYKKELSHOW MED EIRIK ULLTANG MED ADRIAN TELL
Sundag vert det storslagent sykkelshow med Eirik Ulltang og Adrian Tell. Eirik Ulltang er Noregs beste innan sykkelgreina trialsykling og Adrian innan Dirt Slope Style. Eirik og makkeren hans er tryllekunstnarar på sykkelen og hoppar over det meste.
PRISAR OG BESTILLING
Festivalpass for dei ulike aldersgruppa kostar kr 750,- per person. Heile programmet laurdag og sundag, kurs, ritt og sykkelshow med Eirik Ulltang & co er inkludert i passet. Alle born som deltar for 20% på i Tunet.
SYKKEL OG UTSTYR
All sykling vil i hovudsak vera på ei tilrettelagt terrengsykkeløype og asfaltert pumptrack, og alle typar syklar vil fungere her (unnateke landevegsyklar med svært glatte og smale dekk)
UTLEIGE AV SYKLAR
Myrkdalen Sport har eit lite utval terrengsyklar for born til utleige
Meir info og program kjem :)