Nyttårsaften

Trippeljubileum for Myrkdalen Fjellandsby

Hurra! Myrkdalen Fjellandsby feirar 20 år og inviterer alle til jubileumsfeiring laurdag 17. desember. Denne dagen bør du absolutt ikkje gå glipp av - Det vert gode rabattar og show for store og små!

Bestill dagskort her

Det er…

  • 20 år sidan fyrste spadetak vart sett i jorda for utbygging av fritidseigedom
  • 20 år sidan det fyrste skitrekket opna
  • 10 år sidan Myrkdalen Hotel opna

Dette ynskjer me sjølvsagt å markera med gode tilbod og fest i dalen, laurdag 17. desember.

  • 20,- på dagskort denne dagen (UTSOLGT)
  • 20 % rabatt på alle varer hjå Sport1 Myrkdalen
  • 10 % rabatt på mat og alkoholfri drikke i Fjellstova Vetlebotn

 

30% rabatt på overnatting

Vi gir også 30% rabatt til deg som ønsker hotellovernatting denne helgen.
Rabatten gjelder utvalgte rom og 1 natt fra 16. - 17. desember.

Bestill overnatting her

Rabatten er tilgjengelig for bestilling i perioden 11. - 15. desember.

 

50% rabatt på skiundervisning for nybegynner

Denne lørdagen kan du lære deg å stå på ski på privatundervisning sammen med Myrkdalen Aktiv.

Bestill her

 

Velkomen til ein aktivitetsrik dag med mykje moro

 

Gratis show og konsertar

Denne dagen byr me elles på eit spanande program med noko for alle, og alt er sjølvsagt gratis.

Herborg og Hiri

Kl. 12.00: Gratis show med sauene Herborg og Hiri på Myrkdalen Hotel

Dei gler seg skikkeleg til jul, men som vanleg går ikkje alt som planlagt. Forviklingane står i kø når Hiri prøver å få til ei fin julefeiring, der både Herborg, Veren og Myggen vil ha eit ord med i laget.

 

Tor med banjo

Kl. 13.00 – 15.00: Gratis konsert med Tor Schei Hellesnes i Vetlebotn

Tor kjem frå Ulvik og er ein strålande låtskrivar og musikar innan vise/americana/country. Han er mellom anna kjend for å vera ein talentfull gjendiktar av kjende artistar til nynorsk, til dømes Neil Young og Joni Mitchell.

 

Bergen Bonanza

Kl. 22.00: Gratis konsert med Bergen Bonanza i Pudder

Bergen Bonanza har i 10 år vore eit av dei mest kjente og kjære konsertkonsepta i Bergen. Denne kvelden tek gjengen på seg party-bootsa og byr på dei beste slagarane innan country og americana. Varm opp dansefoten og den hese allsangstemma!

 


«Me har bygd stein på stein. Frå å vera ein rein vinterdestinasjon, er me no open 365 dagar i året med kjekke aktivitetar uansett sesong»

- Reisemålsansvarleg Gro Hånes Lund

 

Trippeljubileum

21. mai i år var det 20 år sidan første spadetak vart sett i jorda for utbygging av fritidseigedom, og før jul er det 20 år sidan dei fyrste hyttene vart overleverte til nye eigarar. Mykje av infrastukturen vart også etablert for akkurat 20 år sidan, med mellom anna 1,5 km veg, kloakkreinseanlegg, vassbasseng og telefonkablar.

-Me feirar også at det er 20 år sidan det fyrste skitrekket til Ondrahaugen opna, sjølv om det eigentleg opna i slutten av januar 2003, seier Hånes Lund.

Første utbyggingsavtale var for 355 einingar, og i tida som har gått frå dei fyrste hyttene, er det no overlevert om lag 850 hytter og leilegheiter til skiglade folk.

Ikkje nok med at det er 2 x 20-årsjubileum. Myrkdalen Hotel feirar at det er 10 år sidan det med sine 112 rom opna den 12.12.2012 kl. 12.00. ?

Oversiktsbilde Myrkdalen

Frå vinter til heilårsdestinasjon med familiefokus

Sidan Ondrahaugstrekket opna med sine to tilhøyrande løyper, har det kome til saman 9 heisar og 22 løyper - og fleire er i planlegging. Myrkdalen har blitt ein kjent og kjær skidestinasjon for mange, spesielt på Vestlandet, men også utanfor landegrensene.

Familien har heile tida stått i sentrum og uansett kor tid på året ein kjem hit, vil det vera aktivitetar som passar alle alderssegment. Her kan mor få seg nokon svingar i fersk pudder i Vetlebotn, medan far og yngstemann kosar seg i barneområdet, og tenåringen testar ferdigheitene i ein av parkane.

Frå hotellet opna i 2012 har det blitt satsa på Myrkdalen som heilårsdestinasjon. Sykkel er satsingsområde i sommarhalvåret. Dei seinare åra er det bygd ein 850 kvadratmeter stor pumptrack i asfalt like utanfor hotellet, hopplinjer og terrengløyper for dei yngste eller nybyrjarar. Neste etappe av sykkelsatsinga er terrengløyper i Årmotslia, området som frå før er kjent som lysløype for langrenn.