BaseCamp i Myrkdalen

Laurdag og sundag og kvar dag i ferievekene arrangerer me BaseCamp med tilrettelagte uteaktivitetar for familiar.

  • Utandørs
  • Vinter
  • Familie

Torget ligg midt i hjarta av Myrkdalen Fjellandsby - mellom Myrkdalsstovo, Myrkdalen Sport & Skiutleige og det nye leilegheitsbyggjet Kamben. Her blir det tilrettelagte aktivitetar utan ski på beina for heile familien.

Våre vertar vil vera tilstades på torget frå kl. 11.00 - 13.00 og hjelper dykk gjerne med dei ulike aktivitetane.

KVAR HELG
Laurdag og sundag gjennom heile skisesongen

JULEFERIE - KVAR DAG
26. desember - 3. januar

VINTERFERIE - KVAR DAG
20. februar - 7. mars

PÅSKEFERIE - KVAR DAG
27. mars - 4. april