Årmotssteinen - Leilegheiter
Leiligheiter | Leilegheiter med fin standard og god storleik som ligg 160 - 360 meter sør-vest for Myrkdalen Hotel. God plassering til hotell og skianlegget. Må kryssa veg til og frå skianlegget/hotell.
Om leilegheitene
Dei aller fleste leilegheitene har terrasse, peis, oppvaskmaskin og vaskemaskin. Fordeling på senger er hovudsakleg eit rom med dobbeltseng, og resterande rom med familiekøyesenger. Alle leilegheiter skal ha vanleg standardinnhald på kjøkkenutstyr. Unntak førekjem.
Avstand frå Myrkdalen Hotel
160 - 360 meter
Avstand frå skiheis/trekk
210 - 410 meter. God plassering til skisenteret og Myrkdalsekspressen. Merk at ein må kryssa veg til og frå skianlegget/hotell.
Byggeår
I dette området finn du leilegheitsbyggja Vårstølsteigen, Vårstølstunet, Vårstølsskogen, Nyestølen og Nyestølsteigen. Byggjeår for desse leilegheitene er frå 2013 - 2018
Innsjekk og utsjekk
Innsjekk og utsjekk er på det moderne fjellhotellet Myrkdalen Hotel som ligg i hjarta av fjellandsbyen. Som gjest i Myrkdalen Fjellandsby kan du nyta godt av fasilitetane på hotellet. Her er tre restaurantar, afterski og bar. Hotellet har også leikerom for dei minste og gratis WiFi om du har behov for det.
Innsjekk: Frå kl 16.00
Utsjekk: Før kl 11.00
Tidleg innsjekk og sein utsjekk
Ved ledig kapaistet er det mogleg å bestilla tidleg innsjekk og sein utsjekk til kr 100 per time. Dette kan ein ikkje bestilla online, men send gjerne ein førepurnad til kundeservice@myrkdalenhotel.no
Obligatorisk utvask og leige av sengetøy
Utvask er obligatorisk på alle einingar i Myrkdalen Fjellandsby. Leige av sengetøy er også obligatorisk og kostar 150 kr per person per opphald. Handklede er inkludert i prisen.
Aldersgrense
Det er 23 års aldersgrense for bestilling av hytter og leilegheiter i Myrkdalen Fjellandsby
Eksempelbilete
Dei fleste hyttene og leilegheitene i Myrkdalen Fjellandsby er privateigde – innreiinga og utstyret varierer difor frå eining til eining. Bileta viser eit lite utval av leillegheiter i denne kategorien.
Fasiliteter og tjenester
Kontaktinformasjon
i det nærliggende området
-
Vårstølen - LeilegheiterLeiligheiter109 mDesse leilegheitene ligg kun 90 - 270 meter vest for Myrkdalen Hotel. Fine le...
-
Myrkdalen HotelHotell227 mMyrkdalen Hotel ligg perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlande...
-
Nedre Bygardslii - LeilegheiterLeiligheiter265 mLitt mindre leilegheiter i nedre prisklasse som ligg 310 - 460 meter sør-vest...
-
Myrkdalen Hotel - LeilegheiterOvernatting, Leiligheiter279 mSentrale og moderne hotell-leilegheiter med 2 og 3 soverom i leilegheitsbyggj...
-
StudioleiligheiterLeiligheiter295 mSki inn - ski ut studioleilegheiter i hjarta av Myrkdalen Fjellandsby. Leileg...
-
Øvre Bygardslii - LeilegheiterLeiligheiter312 mMindre leilegheiter med fin standard som ligg i høgda i hyttefeltet - 150 til...