Studioleiligheiter
Leiligheiter | Ski inn - ski ut studioleilegheiter i hjarta av Myrkdalen Fjellandsby. Leilegheitene ligg tett på Myrkdalen Hotel, skianlegget og andre fasilitetar.
Studioleilegheiter i Myrkdalsstovo
Dette er av dei fyrste leilegheitene som er bygd i Myrkdalen. Enkel standard, hybelkjøkken og eige baderom med dusj. Ligg rett ved skianlegget og Myrkdalen Hotel. Byggeår: 2006/ 2007. (Leilegheitene vart pussa opp og bygd om i 2011)
Innsjekk og utsjekk
Innsjekk og utsjekk er på det moderne fjellhotellet Myrkdalen Hotel som ligg i hjarta av fjellandsbyen. Som gjest i Myrkdalen Fjellandsby kan du nyta godt av fasilitetane på hotellet. Her er tre restaurantar, afterski og bar. Hotellet har også leikerom for dei minste og gratis WiFi om du har behov for det.
Innsjekk: Frå kl 16.00
Utsjekk: Før kl 11.00
Tidleg innsjekk og sein utsjekk
Ved ledig kapaistet er det mogleg å bestilla tidleg innsjekk og sein utsjekk til kr 100 per time. Dette kan ein ikkje bestilla online, men send gjerne ein førepurnad til kundeservice@myrkdalenhotel.no
Obligatorisk utvask og leige av sengetøy
Utvask er obligatorisk på alle einingar i Myrkdalen Fjellandsby. Leige av sengetøy og handklede er inkludert i prisen.
Aldersgrense
Det er 23 års aldersgrense for bestilling av hytter og leilegheiter i Myrkdalen Fjellandsby
Eksempelbilete
Dei fleste hyttene og leilegheitene i Myrkdalen Fjellandsby er privateigde – innreiinga og utstyret varierer difor frå eining til eining. Bileta viser eit lite utval av leillegheiter i denne kategorien.
Fasiliteter og tjenester
Kontaktinformasjon
i det nærliggende området
-
Myrkdalen Hotel - LeilegheiterOvernatting, Leiligheiter33 mSentrale og moderne hotell-leilegheiter med 2 og 3 soverom i leilegheitsbyggj...
-
Myrkdalen HotelHotell68 mMyrkdalen Hotel ligg perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlande...
-
Helgatun - LeilegheiterLeiligheiter209 mModerne og fine leilegheiter med god storleik som ligg 300 - 500 meter nordau...
-
Vårstølen - LeilegheiterLeiligheiter272 mDesse leilegheitene ligg kun 90 - 270 meter vest for Myrkdalen Hotel. Fine le...
-
Årmotssteinen - LeilegheiterLeiligheiter295 mLeilegheiter med fin standard og god storleik som ligg 160 - 360 meter sør-ve...
-
Øvre Bygardslii - LeilegheiterLeiligheiter395 mMindre leilegheiter med fin standard som ligg i høgda i hyttefeltet - 150 til...