Skred- og frikøyringskurs
Adresse: Klypeteigen, 5713 Vossestrand Dato: Lørdag 6 mar 2021 - lørdag 10 apr 2021 Vis kart
Adresse: Klypeteigen, 5713 Vossestrand
Bli med på eit 2-dagar skred- og frikøyringskurs med Myrkdalen Skiskule ! Dette kurset retter seg mot skikøyrarar som jaktar laussnø frå heis, samt kortare toppturar. Kurset inneheld mykje skikøyring slik at du får prøvd ut det du lærer i praksis.
Skred- og frikøyirngskursa blir gjennomført av lokalkjende og internasjonalt godkjende og kvalitetssikra ISIA skilærarar som har fokus på teknikk, vegval, sikkerheit, skredlære og høg aktivitet.
KRAV
Ein må kunne køyre svart løype uanstrengt for å vera med på dette kurset
TEMA
- Gruppe og gruppedynamikk
- Skredfare og risiko
- Køyremønster og linjeval
- Hengvurdering og vegval
- Skiteknikk tilpassa ulike forhold
- Bruk av sendar/mottakar
- Kameratredning
- Utstyr
TIDSPUNKT
28. - 29. desember
30. - 31. januar - FULLT
20. - 21. februar
05. - 06. mars *ny dato
27. - 28. mars
10. - 11. april *ny dato
Grunnet stor etterspurnad har me satt opp fleire nye kurs.
Oppmøte kl 09.00 på Myrkdalen Hotel fyrste kursdag
PRIS
Pris: 3100 kr per person. Heiskort kjem i tillegg
UTSTYR
- Sekk
- Søkestang, spade og sendar /mottakar
- Randonneski og feller
Alle påmelde vil verte kontakta i god før kurset.
LEIGE AV UTSTYR
Ta kontakt med skiutleige@myrkdalen.no dersom de ynskjer å leige utstyr
NB! Me treng minimum 3 deltakarar for å gjennomføra kurset. Ved færre deltakarar kan kurset bli avlyst.
Dersom det er ynskjeleg med skred og frikøyringskurs andre datoar må de berre ta kontakt med skiskulen på e-post skiskule@myrkdalen.no
Bestill nå
Om denne aktiviteten
i det nærliggende området
-
Myrkdalen HotelHotell59 mMyrkdalen Hotel ligg perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlande...
-
Myrkdalen Hotel - LeilegheiterOvernatting, Leiligheiter102 mSentrale og moderne hotell-leilegheiter med 2 og 3 soverom i leilegheitsbyggj...
-
StudioleiligheiterLeiligheiter120 mSki inn - ski ut studioleilegheiter i hjarta av Myrkdalen Fjellandsby. Leileg...
-
Årmotssteinen - LeilegheiterLeiligheiter176 mLeilegheiter med fin standard og god storleik som ligg 160 - 360 meter sør-ve...
-
Vårstølen - LeilegheiterLeiligheiter179 mDesse leilegheitene ligg kun 90 - 270 meter vest for Myrkdalen Hotel. Fine le...
-
Helgatun - LeilegheiterLeiligheiter329 mModerne og fine leilegheiter med god storleik som ligg 300 - 500 meter nordau...