Bike & Hike ved Nærøyfjorden

Adresse: Myrkdalen Hotel, 5713 Vossestrand Vis kart

Adresse: Myrkdalen Hotel, 5713 Vossestrand

Er du ute etter eit minne for livet midt i verdsarvriket? Dette unike produktet kombinerer fjordcruise på UNESCO-lista Nærøyfjorden, el-sykling frå Dyrdal til dei vakre stølane på Hjølmo og vandring tur/retur til den spektakulære fjelltoppen Breiskrednosi!

Guiden møter dykk på Myrkdalen Hotel. Fyrst køyrer me til vakre Flåm, og herfrå tek me fjordcruise i det spektakulære fjordlandskapet på UNESCO si verdsarvliste. I løpet av ein dryg time på eit av dei prisvinnande fartøya Future eller Vision of The Fjords, får du oppleva urørt, rå og vakker natur med stupbratte fjellsider, mektige fossefall og små bygdesamfunn og gardstun.

Vel framme ved Dyrdal gjer me oss klare til fyrste etappe på turen. Her får alle el-syklar og me syklar roleg oppover grusvegen mot stølane på Hjølmo, med god hjelp av motoren på syklane.

Ved det særeigne klyngetunet på terrassen ovanfor sjøen vil vår lokalkjende guide fortelja om korleis livet var i denne veglause bygda, som i gamle dagar hadde over 100 fastbuande, postkontor, gjestgjevarstad og hospital.

Etter 6 km og ca 500 høgdemeter er me framme ved stølane på Hjølmo. Her går me av syklane og fortset turen til fots. Turen går fyrst slakt innover dalen i 2,5 km til stølane på Vassete. Her tek me ein matpause og får opp energinivået før me fortset opp den bratte lia mot toppen. Den siste kilometeren går i flatt terreng før me kjem opp på Breiskrednosi, som byr på luftig og spektakulær utsikt rett ned i den UNESCO-lista Nærøyfjorden. Utsikta her er rett og slett ubeskriveleg.

Returen går same veg nedatt og me syklar roleg ned grusvegen til Dyrdal. På varme sommardagar lokkar fjorden til eit forfriskande bad, før me tek båten tilbake til Flåm og køyrer tilbake til Myrkdalen Hotel.

KRAV TIL DELTAKARAR
Dette er ein lang tur som kombinerer sykling og vandring. Nedre aldersgrense er difor sett til 15 år.
- Sykkelerfaring: Syklinga er ikkje fysisk krevjande, men ein må ha tilstrekkeleg sykkelerfaring for å sykla kontrollert ned ein delvis bratt grusveg etter ein lang dag i fjellet.
- Vandringa går delvis i høgfjellsterreng og vèret kan skifta. Du må vera i relativt god turform og ha både god erfaring i og ha fysikk som tolar å gå i bratt og ulendt terreng. Vandringa er ikkje teknisk krevjande.

UTSTYR
Alle deltakarar må ha gode sko til vandringa, samt ein sekk med vass- og vindtette klede, mat og drikke. Informasjon om utstyr blir sendt til kvar einskild deltakar.

DAGSPLAN
- Avreise frå Myrkdalen Hotel kl. 08.15
- Fjordcruise frå Flåm til Dyrdal kl. 9.30
- Ankomst Dyrdal kl. 10.50
- Guida sykkel og vandretur
- Fjordcruise frå Dyrdal - Flåm kl. 18.10
- Ankomst Flåm kl. 19.30
- Ankomst Myrkdalen Hotel ca kl. 20.15

PAKKA INKLUDERER
- Fjordcruise frå Flåm- Dyrdal tur/retur (1 time, 20 minutt kvar veg)
- Guida el-sykkeltur på grusveg frå Dyrdal til Hjølmo tur/retur (12 km totalt)
- Leige av el-syklar med hjelmar
- Guida vandretur frå Hjølmo til spektakulære Breiskrednosi tur /retur (12 km totalt)

TRANSPORT
Transport Myrkdalen Hotel - Flåm tur/retur er ikkje inkludert og ein må køyra eigen bil. Ta gjerne kontakt med oss på e-post aktivitet@myrkdalen.no dersom de treng transport.

PRIS
Kr 2695,- per person
Nedre aldersgrense: 15 år

GRUPPESTORLEIK
1 - 6 personar

ONLINE BOOKING
Denne aktiviteten kan bestillast online innan 20 timar før ankomstdato. Vil du bestilla etter dette kan du senda ein e-post til aktivitet@myrkdalen.no eller ringa 0047 41 51 80 02

Vis mer

Om denne aktiviteten

  • Säsong
    Sommar
  • Vanskelighetsgrad
    Krevande
  • Målgruppe
    Gruppe Åleine
  • Utstyr
    Utstyr inkludert
  • Prisar frå
    2695 NOK
  • Prisinformasjon
    Per person
Build: 10.08.2020 14:03:42, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-7443.cbischannel-20762.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails