Fjelltur i familievenleg høgfjellsterreng

Adresse: Myrkdalen Hotel, 5713 Vossestrand Dato: Fredag 24 jul 2020 - mandag 31 aug 2020 Vis kart

Adresse: Myrkdalen Hotel, 5713 Vossestrand

Bli med oss på familievenleg fjelltur i grønt og frodig landskap i Sendedalen! Vikafjellet er inngangsporten til Stølsheimen, fjellområdet som strekk seg mellom Sognefjorden, Vossafjella og Masfjordfjella.

Me startar med å køyra 10-15 minutt frå Myrkdalen Hotel til starten på Sendedalen. Køyreturen i seg sjølv er nydeleg - fyrst innover Kvassdalen, ein klassisk og frodig u-dal som vart forma av isbreen for tusenvis av år sidan. Frå Kvassdalen slyngjer vegen seg bratt oppover ved sida av den 90 meter høge og spektakulære Sendefossen. Vel oppe ved Vetlavatnet på ca 900 moh startar turen.

Herfrå går me på ein god sti i kupert terreng - perfekt for små barneføter. Stien går på grus, stein og svaberg, med nokre bekkekryssingar undervegs. Etter ca to kilometer, set me opp leir på vestsida av Lars-Olavatnet og har ulike naturaktivitetar med borna. Her et me lunsj og guiden lagar varm drikke på primusen. Vatnet byr på forfriskande bad på varme sommardagar - så hugs å ta med bade- og handklede på turen! Returen går same veg.

PASSAR FOR
Barnefamiliar. Dette er også ein fin tur å gå med bæremeis, dersom dei minste borna ikkje klarar å gå heile stien sjølv.

FAKTA
Lengde på turen: 4 km tur/retur
Tidspunkt: Kl. 10.00 - 14.00
På bestilling: Kvar dag frå 1. juli - 30. september
Oppmøte: Myrkdalen Hotel

TA MED
- Mat og drikke for dagen
- Vass, vindtette og varme klede.
- Badeklede for dei som ynskjer

TRANSPORT
Transport er ikkje inkludert i prisen. Ein må køyra eigen bil til starten på Sendedalen.
Har du ikkje eigen bil? Ta kontakt med oss på aktivitet@myrkdalen.no

PRISAR
Kr. 600 for vaksne
Kr. 300 for born 7 - 17 år
Born 0 - 6 år er gratis

ONLINE BOOKING
Denne aktiviteten kan bestillast online innan 20 timar før ankomstdato. Vil du bestilla etter dette kan du senda ein e-post til aktivitet@myrkdalen.no eller ringa 0047 41 51 80 02

Ynskjer du ein lenger og meir krevjande tur?
Om du har større born og ynskjer ein meir krevjande tur kan me organisera ein fin tur over til Mørkvesstølane. Denne turen går lenger innover Sendedalen, forbi Kringlavatnet og Holmavatnet, og vidare opp Tverrgavlane til ca 1200 moh. Herfrå går turen vidare nedover til idylliske Svortetjørni og til Mørkvesstølane. Frå stølane går me nedover stølsvegen til riksvegen, der me blir henta med bil. Denne turen er totalt ca 13 km. Ta gjerne kontakt med oss på aktivitet@myrkdalen.no om de ynskjer å bestilla denne varianten av turen.

Vis mer

Bestill nå

Startdato:
Aktivitet Totalpris

Om denne aktiviteten

  • Säsong
    Sommar
  • Vanskelighetsgrad
    Enkel
  • Målgruppe
    Familie
  • Prisar frå
    300 NOK
  • Prisinformasjon
    Per person
Build: 10.08.2020 14:03:42, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-7443.cbischannel-20762.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails