Familiejulebord på Myrkdalen Hotel

Gjer dykk klare til å koma i julestemning med julebord for heile familien på Myrkdalen Hotel.

11. desember blir det familiejulebord i Restaurant Nuten på Myrkdalen Hotel med stor julebuffé med blant anna røykt pinnekjøt, ribbe og medisterkake.


Nissen kjem sjølvsagt og helsar på borna under familiejulebordet!


Etterpå kan de gle dykk til eit artig show med tryllekunstnaren Geir Elling som vil overraska store som små med sin magi.