Familievenleg Hinderløypekonkurranse

Velkomen til eit familievenleg hinderløp i Myrkdalen.

  • Sommer
  • Høst
  • Familie

Kl. 12.00 køyrer me hinderløp i eit individuelt sprintformat i Myrkdalen.
Utfordringa vert å kome seg raskast frå start til mål gjennom ei kort og intensiv løype som består av følgjande hinder:

1. Balanseelement ( 3 meter lang planke, 30 cm brei og 30 cm over bakken)
2. Labyrint (Løping gjennom ein kort labyrint. Slalom og retningsendring)
3. Vossakassa (Koma seg opp og over ei trekasse som er 1 meter høg. Klatretak/hjelpemiddel ved behov for dei yngste)
4. Balanseelement (3 meter lang planke 30 cm brei og 30 cm over bakken)

Løypa vert ca. 80 meter lang på flatt grusdekke. Alle hinder er i typen enkel vanskegrad. Alle vil koma seg opp, over og forbi. Alle hindera må passerast. Ved «snarvegar» eller om ein hoppar for tidleg av hinder før markering, vert det lagt til 5 tilleggsekund.

Gratis påmelding og utdeling av startnummer på torget mellom kl. 11.00 og 11.45. Start kl. 1200.

Tidtaking med self-timer system levert av Alge-Timing.

Klassar/premiering:
G/J Barn 5-11 år. Ingen rangering. Premier til alle.
G/J Junior 12-17 år. Rangering. 3 premier gutar, 3 premier jenter.
M/K Senior 18+. Rangering 3 premier menn, 3 premier kvinner.

Utstyr: Me anbefalar lette treningsklede og gode joggesko