Norway's best

Flåm blir nasjonal reiselivsaktør

Flåm AS lanserer i dag merkevara Norway’s best. Flåm tek med seg 20-års reiselivserfaring, og går for nasjonal satsing. Flåm AS skifter samtidig namn til Norway’s best AS. Selskapet skal med den nye merkevara bidra til å utvikle og posisjonere norske kvalitetsreisemål og reiselivsprodukt ute i den store verden.

 

Auka internasjonal distribusjonskraft og tydelegare nasjonal posisjon vil gi auka trafikk til alle dei utvalde reisemåla. Norway’s best skal bli ein sterk og leiande norsk merkevare i den nasjonale og internasjonale reiselivsmarknaden, kjent for sin sterke produktportefølje av spektakulære naturbaserte opplevingar.

- Etableringa av merkevara Norway’s best er vår mest ambisiøse satsing til no, og eit prosjekt vi har jobba med i over to år. Vi ser eit kjempepotensial i norsk reiselivsbransje, men også eit stort behov for profesjonalisering og berekraftig organisering. Ei satsing som inkluderer utvikling av kvalitetsreisemål og -produkt over heile Norge er eit naturleg neste skritt for oss,seier Solrun Hjelleflat, konsernsjef i Flåm AS.

I tillegg til Flåm og dei ettertrakta produkta som vert tilbydd der, vil merkevara Norway’s best frå starten av også inkludere turistattraksjonar i Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Lysefjorden, Hardanger, Hjørundfjorden, Lofoten og Narvik.

Våren 2020 fusjonerte Myrkdalen Fjellandsby med Aurland Ressursutvikling og vart ein del av familien. Hausten 2020 vart selskapet medeigar i Arctic Train i Narvik, for å styrke den nasjonale satsinga ytterlegare. Norway’s best AS er allereie i dialog med andre aktørar på kvalitetsreisemål i Norge om å bli del av merkevara Norway’s best.

Norway’s best bygger på kunnskap og erfaring frå reisemålsutvikling i Flåm, eit turistmål som årleg tek imot gjester frå meir enn 170 land over heile verda. Over mange år har Flåm opparbeida seg ein sterk posisjon både nasjonalt og internasjonalt. Flåm er no eit av Norges mest populære reisemål og er blitt ein kommersiell suksess som vert ytterlegare styrka gjennom etableringa av merkevara Norway’s best.

Suksessen i Flåm er eit resultat av heilskapstenking, heilårsdrift, lokalt samarbeid, spektakulære naturopplevingar, profesjonell distribusjon og logistikk. Dette er erfaringar som andre kvalitetsreisemål i Norge no vil nyte godt av.