Frisbee-golf

No kan du spela frisbeegolf i Myrkdalen!

  • Sommer
  • Høst
  • Familie

Frisbeegolf er ein av verdas raskast veksande sportar, og har blitt svært populært også i Noreg dei siste åra. I Myrkdalen har me opna ein familievenleg 5-hols bane.

Korleis spela frisbeegolf? Me tilrår å spela i grupper på 2-5 personar. Kvar person har sin eigen frisbee, som ein sender i retning målkorga. Kvart kast tel 1 poeng, og det er om å gjera å koma seg gjennom bana med færrast mogleg kast. Det vil seie at personen med lågast poengsum tilslutt vinn.
Poengkort kan ein henta i resepsjonen på Myrkdalen Hotel.

STAD: Øvre del av barneområdet - start like ved Myrkdalsekspressen
TID: Til fritt bruk heile tida
PRIS: Det er gratis å bruka bana. Om du treng å leiga disc / frisbee kan det gjerast i resepsjonen på Myrkdalen Hotel. Leige kostar 30 kr per disc.

Phone: +4747471600