Frosty Frames Myrkdalen

Bli med på ei kjekk og spennande utfordring under Frosty Frames Film Festival i Myrkdalen 23. - 25. februar! Her kan du utfordra vennar og hyttenabo til å laga den beste ski- og snowboard filmen frå bakken. Kven stikk av med den gjeve prisen?

Frosty Frames går over ei heil helg, der alle er velkomne til å delta. Meld på vennegjengen eller familien, produser film med det du har av utstyr og slepp kreativiteten laus. Løys gitte oppgåver undervegs, klipp og send inn ferdig film før søndag kl. 15 for moglegheit til å vinne flotte premiar.


Reglane er enkle:

-Grupper på 2 - 6 personar

-Kvar gruppe har to dagar til å filme og sette saman filmen.

-Filmen skal ikkje vera lenger enn 99 sekundar

-Alle i filmen må ha på seg eigen vest. Denne får ein får utdelt.

-Frist for levering er søndag kl 15.00 på nett.

-Ekstra poeng for kvar oppgåve ein løyser undervegs

- Det vert premiering i 2 klassar. Familie og open klasse.

-Framsyning i Storebotn og premiering kl 18.00 på søndag


Påmelding, løparmøte, utdeling av vestar og «check list» i Storebotn, Myrkdalen Hotel

fredag 18.00-19.00

Alternativ påmelding og utdeling av vestar og «check list» i Storebotn, Myrkdalen Hotel

Laurdag 09.00-10.00


NB: Betalinga er for eitt lag, og ikkje per person.