Gruppeundervisning 100 min

Me legg vekt på at det skal vere moro på ski, enten du er ung eller gammal, nybyrjar eller vidarekommen. Bestill gruppeundervisning for ein sosial og morosam måte å utvikle deg på ski. Me deler deltakarane i grupper basert på nivå.

Gruppeundervisninga startar kl. 9.30. 100 minutt med gruppeundervisning går frå 9.30 - 11.10.


Oppmøte er på torget utanfor Myrkdalsstovo 1. etasje.


Aldersgrense: 5 år og eldre.