Fjelltur i Myrkdalen

Aktivitetsrik

Haustferie for heile familien i Myrkdalen

Eit fargerikt teppe legg seg over naturen, lufta er frisk og fjellet byr opp til leik! Myrkdalen har alt for deg som vil nyta haustferien til fjells - med fjellturar, sykling, leikar, hesteridning og sjølvsagt mykje god mat og drikke. Under får du full oversikt over alt som skjer hjå oss i haustferieveke 41!

 

Open Gard, Myrkdalen Hestesenter

Laurdag 7. og 14. oktober
Kl. 11.00 - 14.00

Hels på hestar, ponniar, folar, kaninar, høner og sauer. Her er kafé og moglegheit for å ri på ponni/hest.
NB! Parkering er nedanfor Myrkdalen Hotel.

 

Eigedom

Møt eigedoms­meklarane våre

Laurdag 7. oktober kl. 11.00 - 14.00
Torsdag 12. oktober kl. 11.00 - 14.00
Fredag 13. oktober kl. 11.00 - 14.00
Laurdag 14. oktober kl. 11.00 - 14.00 

 

Har du spørsmål om framtidige eigedomsproskjekt i Myrkdalen? Møt eigendomsmeklarane våre i eigedomsbua på torget for ein uforpliktande prat. 
 

Ansiktsmåling

Ansiktsmåling

Laurdag 7. oktober
Kl. 13.00 - 15.00

Alle born kan få pynta seg med ansiktsmåling på Myrkdalen Hotel. Her blir det flotte kreasjonar!

 

Orientering i Myrkdalen

Finns Orienteringsløp

Sundag 8. oktober
Registrering kl. 10.30 - 11.45 
Start kl. 12.00
Trekkepremiar kl. 14.00

Velkomen til Finns Orienteringsløp med flotte premiar. Løypa er ca. 5 km lang og ein må rekna med ei "løpstid" på alt frå 1,5 til 3 timar.  Me utfordrar alle barnefamiliar til å ta turen og finna postane. Alle born får diplom.

 

 

Pinnebørd

Pinnebrødgrilling og eventyrstund

Torsdag 12. oktober
Kl. 11.00 - 13.00

Me griller pinnebrød saman med borna i Harehiet og kosar oss med eventyrlesing. Møt opp utanfor hotellresepsjonen med eigen pinne. Hugs å ha på bekledning som tålar vêr og vind. 

Familievennlige Myrkdalen

Opning av Torget i Myrkdalen

Fredag 13. oktober
Kl. 11.30 - 12.30

Velkomen til offisiell opning av Torget! I samarbeid med Attom arkitekter, har me realisert eit torg vi er stolte av. Det vert talar, musikk, leikar og gratis pølser.

 

Hinderløype i Myrkdalen

Hinderløypekonkurranse

Fredag 13. oktober
Frå kl. 13.00

Velkomen til eit familie- og publikumsvenleg hinderløp i Myrkdalen. Her kan du utfordra deg sjølv med vener og familie i ei 100 meter lang løype.
 

Demo Polestar

Fredag 13. oktober og Laurdag 14. oktober

Polestar støttar haustferieprogrammet i Myrkdalen og tilbyr gratis prøvekøyring 13. og 14. oktober

Påmelding her

 

Høst i Myrkdalen

Motbakketrim for heile familien - Avlyst

Laurdag 14. oktober
Kl. 11.00 - 14.00

Grunnet regn, vind og snøfokk er desverre motbakketrim avlyst.
Bli med på motbakketrim for heile familien. Me legg opp til natursti/postar for dei som vil gå roleg, og ein konkurranse i ulike klassar med og utan tidtaking. 

 

 


 

Andre aktivitetar

 

Uteaktivitet saman med aktivitetsleiar

Kvar dag i haustferien
Kl. 11.00 - 12.00

Denne timen utforskar me naturen og leikar ute saman med ein aktivitetsleiar. Passar for born mellom 3-8 år. Foreldre må vera med. Møt opp på Torget.

 

Inneaktivitet saman med aktivitetsleiar

Kvar dag i haustferien
Kl. 13.00 - 14.00

Her finn me fram teikne- og målesaker og kosar oss inne. Passar for born mellom 3-8 år. Foreldre må vera med. Møt opp i resepsjonen. 

 

Bordtennis og spel

Kvar dag
kl. 11.00 - 18.00

Me opnar opp den store konferansesalen på Myrkdalen Hotel og ynskjer velkomen til bordtennis, spel og fri leik.

 

Sykkelutleige

Kvar dag

Nyt den friske lufta og det nydlege haustlandskapet frå sykkelsete. På Sport 1 Myrkdalen kan du leiga syklar til deg og heile familien gjennom haustferien. 

 

<% totalFilter %> filter applicerade

Opplev vakre Aurlandsdalen

Majestetisk fjordlandskap

Flåm og Nærøyfjorden

Snaue 45 minutt køyring frå Myrkdalen finn du den vesle fjordbygda Flåm inst i Aurlandsfjorden, som er velkjend for det majestetiske fjordlandskapet.
Nyt urørt, rå og vakker natur på eit fjordcruise, ta skandinavias lengste zipline frå toppen av verdskjende Flåmsbana,
opplev fart og spaning i opne rib-båtar eller besøk vikingbyen i Gudvangen!