Konsert med Michelle Ullestad og Slomosa
Ein herleg vintersesong vert avslutta med utandørskonsert under Open Klasse med sjølvaste Michelle Ullestad og det anerkjende ørkenrock-bandet Slomosa.
Michelle Ullestad - Kl 18.00 - 19.00
Michelle er eit låtskrivartalent og ein artist som verkeleg er verd å fylgja med på! Det er sjeldan me ser at artistar med ein så sterk evne til å formidla sine såre og vanskelege tankar på ein treffande og medmenneskeleg måte, innbunden i elegant og fengande pop med gode melodiar og tekstar.
Slomosa - Kl 19.00 - 20.00
Heilt sidan premieren på debutsingelen Horses hjå NRK Stjernepose, som kåra låta til ein av dei beste i 2019, har ørkenrock-beistet Slomosa skapt bølgjer i inn og utland. Deira sjølvtitulerte debutalbum på Apollon Records sommaren 2020 mottok bl.a. terningkast 6 av Bergens Tidende og 8/10 av Metal Hammer UK. Bandet har herja Europa i 2022 på turné med legendane i Stöner (US), og er ute europeiske vegar igjen i heile oktober med Orange Goblin (UK) og Sasquatch (US).