Ledige stillingar i Myrkdalen Fjellandsby

Ledige stillingar

MYRKDALEN FJELLHEISER
Myrkdalen Fjellheisar har sidan 2002 vokse til å verta eit av dei store skianlegga i Norge med 9 heisar og ein moderne maskinpark i drift. Me har 10 faste tilsette og i sesongen ca. 80 tilsette. Myrkdalen er ein del av konsernet ARU med hovudaktivitet i Flåm.
Til skisesongen 2020-21 treng me fleire nye sesongarbeidarar.

Kan du assosiere deg med våre kjerneverdiar folkeleg, frisk, framtidsretta og usnobbete? Då vil me gjerne høyre frå deg!

Myrkdalen Fjellheiser søkjer etter medarbeidarar til vintersesongen 2020/21.
Me ser etter blide, engasjerte og serviceinnstilte medarbeidarar. Me har eit godt arbeidsmiljø på ein til tider hektisk, men spennande arbeidsplass.

Me søkjer etter:  
 •    Skipatrulje 
 •    Billettselgar / kiosk medarbeidarar
 •    Trakkemaskinsjåfør
 •    Park shaparar

Me har ledige heiltid- og deltidsstillingar i vintersesongen 2020/21. Skisesongen startar normalt midten av november og varer til 1 mai.

Send spørsmål og søknad til John Ivar Norheim på e-post: jin@myrkdalen.no

Ledig stilling skipatrulje

Skipatrulje i Myrkdalen
Dersom du likar ski, vinter og å hjelpa folk, er dette kanskje verdas beste jobb. Skipatruljen har ansvar for morgon-sjekk av heisar og løyper, sikring og skilting av løyper, væra synlege i anlegget og være tilgjengelig for å hjelpe til der det trengs.

Skipatruljen hjelp skigjester som skadar seg, stabiliserer og transporterer dei ned til skipatruljebua. Skipatruljen er også i beredskap med tanke på  snøskred og andre hendingar.

Kvalifikasjonar:
-    Likar å være ute og jobba i all slags vær
-    God på ski.
-    Er glad i å kommunisere med og hjelpe folk.
-    Forstår og gjer seg forstått på norsk.
-    Fyrstehjelpskunnskaper
-    Interesse og kunnskap om snøskred.
-    Flink til å jobbe på eigenhånd samtidig som at ein er ein god lagspelar.

Skipatruljen har tre ledige stillingar. To av stillingane er annankvar helg og litt i feriar. Ei stilling er 100 % frå slutten av november til 1.mai.
Ingen er heilt utlærd i denne jobben og opplæring vil bli gjeve innan både sikringsarbeid, 1.hjelp, snøskred, nødnett og meir.

Søknadsfrist 1.oktober.
Send spørsmål og søknad til rune.slettemark@myrkdalen.no
Tel: 922 04 916

Ledig stilling kiosk / kafé Myrkdalsstovo 1 etg

Myrkdalsstovo

I 1. etasje Myrkdalsstovo er det ein kiosk/kafé og billettkontor for skikort og informasjon. Me har ledige stillingar som billettselgarar annakvar helg og ferie.  Arbeidsoppgåvene er varierte, men hovudoppgåver vil vera:
 - Sal av skikort
 - Sal av kafe og kioskvarer
 - Generelle oppgåver i kafe som rydding og vask
 - Etter behov bistå med andre oppgåver i destinasjonen 

Send spørsmål og søknad til John Ivar Norheim på e-post: jin@myrkdalen.no

MYRKDALEN SKISKULE

Ledig stilling Myrkdalen Skiskule

Lær deg perfekt carvingteknikk

Myrkdalen Skiskule søkjer etter ein person som kan trivast like godt i barneområdet som på ein guida topptur. Jobben vil også involvere arbeid med firma-arrangement, barneaktivitetar og ulike arbeidsoppgåver avhengig av førespurnad.

Kvalifikasjonar:
Trinn 4 ISIA Skilærar, andre med relevant utdanning kan også søkja. Om du er kvalifisert som skred- eller toppturguide, men manglar instruktørutdannig er det mogleg å ta noko av dette i starten av sesongen.

Personlege eigenskapar:
- Du må like å vera rundt menneske, og ha fokus på andre sin tryggleik og utvikling.
- Du må trivast med at du ikkje alltid veit kva dagen bringer.

Me tilbyr: 
Godt arbeidsmiljø, verdas beste jobb og moglegheiter for å vera med å bidra til utvikling av ein destinasjon i utvikling. Løn etter avtale.

Søknadsfrist: 
01. oktober

Send spørsmål og søknad til Jill Garen på e-post jill.garen@myrkdalen.no

MYRKDALEN HOTEL
Myrkdalen Hotel på Voss er eit fullservice heilårshotell med driftsgrunnlag i nasjonal og internasjonal turisttrafikk og kurs/konferanse. Hotellet har 112 rom og seks F&B konsept. Myrkdalen Hotel har for tida ingen ledige stillingar.