Mikkel & Mikkeline i Myrkdalen

Endeleg skal Mikkel og Mikkeline få stå på ski i Myrkdalen att! Me ser fram til å ta dei vel imot laurdag 28. januar og laurdag 18. mars i Myrkdalen.

No kriblar det i beina til Mikkel og Mikkeline. Det er altfor lenge sidan dei har stått på ski! Badnabakken med Mikkel & Mikkeline-trekket står klart, og snart er ventetida over. Som dei gler seg til å sjå mange skiglade born i bakken!

Program:
• 12.45 - 13.20: Mikkel og Mikkeline kjem ut for å stå på ski i Badnabakken!
• 15.00 - 15.45: Blinkskot med Mikkel og Mikkeline på Torget
Her kan borna få stilla seg opp med Mikkel og Mikkeline, slik at foreldre kan foreviga augneblikket. Det vert også ein liten dans til skisongen.

Og kven veit - kanskje det vert ei gåve til dei som kjem og helsar på Mikkel og Mikkeline også?