Myrkdalsekspressen i haust

Hausten er fantastisk til fjells! I haustferieveke 41, frå 9. - 17. oktober, går Myrkdalsekspressen, stolheisen som tek heile familien høgt til fjells på 5 minutt.

  • Høstferie
  • Gruppe
  • Enkel
  • Åleine
  • Familie

Myrkdalsekspressen fraktar deg 400 høgdemeter - kjapt og enkelt til fjells. Frå toppen som ligg på 860 moh. får du fantastisk utsikt og dette er eit perfekt utgangspunkt for fjellturar til blant anna Finnbunuten, Mørkvesstølen, Svortetjødn og Vetlebotn.

FJELLSTOVA VETLEBOTN
Stopp innom Fjellstova Vetlebotn som er ope kvar dag i haustferien frå kl. 11.00 - 16.00. Her kan ein kjøpa både iskrem, bakevarer og tradisjonelle middagsrettar.

OPNINGSTIDER MYRKDALSEKSPRESSEN
Kvar dag Kl. 10.00 - 15.00 frå 9. - 17. oktober
- Har du sikra deg sesongkort for 2021/2022? Kortet gjeld for haustferien.

ATTERHALD OM VÈR
Me tek atterhald om vèret denne veka. Ved mykje vind og nedbør vil ikkje heisen gå. Hald dykk oppdatert på Facebook-sida vår.