MyrkLeik Familiefestival

Bli med på den kjekkaste familiefestivalen i vinter. Her vert det morosame aktivitetar for store og små, der aktivitetane er tilrettelagt aldersgruppe.

Gjer dykk klare til ei forrykande helg med ei rekke kjekke og varierte aktivitetar for heile familien. Programmet er stappfullt med mykje leik og moro, inkludert jibbing i parken, snøskuter-tur, innføring i skredsøkarbana og langrennsmoro.


Innandørs er det også mykje kjekt som skjer, som foreldreyoga, diskotek og karneval.


PROGRAM

Fredag:

Kl. 17.00 - 19.00: Registrering

Alle som har bestilt festivalpass må registrera seg på aktivitetar og få eit festivalband. Bandet gjev tilgang til alle aktivitetane på programmet.


Kl. 18.00 - 19.30: Minidisko (born under 10 år)

Musikk, aktivitetar og leik i Storebotn konferansesal


Kl. 20.00 - 21.00: Barnedisko (10+)

Musikk, aktivitetar og leik i Storebotn konferansesal


Kl. 18 og utover: Spelekveld i Salto (familie)

Dette er tilgjengeleg for alle. Me har masse spel i koselege Salto Lobby Bar. Nyt ein kopp kakao og nokre omgangar med kortstokk, Yatzy og anna brettspel.

 

Laurdag:

Kl. 09.00 - 11.00: Registrering

Alle som har bestilt billett må registrera seg og få eit festivalband. Bandet gjev tilgang til alle aktivitetane på programmet.


Kl. 08.30 - 09.30: Foreldreyoga

Ein time på morgonen med lågterskel yoga før du spenner på deg skia. Timen passar for absolutt alle og du treng ikkje ha noko yoga-erfaring frå før.

Me ordnar med gratis barnevakt for born mellom 2-9 år for foreldre som deltar.


Kl. 09.30 - 11.10: Jibbing i Park (6-9 år)


Kl. 11.30 - 13.10: Jibbing i Park (10-13 år)


Kl. 11.00 - 12.00: Snøskuter-tur (3+)

Her kan borna som har lyst, vera med på ein kort snøskuter-tur i Badnabakken. Hugs uteklede og hjelm.


Kl. 11.00 - 12.00: Innføring i skredsøkar (familie)

Møt opp ved skredsøkarbana og få rettleiing i korleis ein brukar skredsøkar og stang.


Kl. 11.30 - 12.00: Møt haren Finn på Torget (familie)

Vår hoppande glade venn, Finn gler seg til å helsa på alle borna. Finn er også superglad i å bli tatt bilete av, og stiller gjerne opp på bilete saman med borna.


Kl. 12.00 - 14.00: Teiknehjørnet (2+)

Kreativ aktivitet i Storebotn med perling, teikning, fargelegging, klypp og lim.


Kl. 12.00 - 14.00: Ansiktsmåling (familie)

Kom innom Storebotn og få fargerik ansiktsmåling


Kl. 12.00 - 15.00: Laurdagsgraut i Salto (familie)

Servering av deilig risgraut og saft.


Kl. 13.30 - 15.10: Jibbing i park (14+)

Meir info kjem


Kl. 13.00 - 15.00: Langrennsmoro (familie)

Meir info kjem.


Kl. 18.00 - 19.30: Karneval (familie)

Det er tid for karneval! Bruk fantasien, kle deg ut som kva du vil og bli med på festen! Her vert det musikk og dans!


Kl. 19.00 - 20.00: Skifilm frå parkkøyring (10+)

Me samlar alle som ynskjer og ser på skifilm i Ondrahaugen