Open Klasse

Likar du park, vårsnø og god stemning bør du ikkje gå glipp av Open Klasse-festivalen i Myrkdalen, den ultimate sesongavslutninga for ski- og snowboard-frelste.

28. april til 1. mai samlar me alle jibbarar, frikøyrarar og snowboardarar, uansett nivå, til aktivitetsrike dagar i Noregs mest leikne vårpark.


I tillegg til mykje ski og brettkøyring, parkmoro med hopp og rails, vert det sjølvsagt god festivalstemning med konsert og underhaldning. I år kjem sjølvaste Michelle Ullestad, som på kort tid har klart å etablera seg som ein dyktig artist og låtskribent. Deretter er det tundra-rockarane Slomosa som entrer scenen med sine slepande, groovy rytmer og heftige gitarriff.


OBS: Grunna mykje vind, er konsertane med Michelle Ullestad og Slomosa flytta inn på Pudder. Det medfører begrensa antall plassar- om du vil sikra deg plass møt opp i god tid før konserten.


PROGRAM


Fredag 28. april:

10:00-19:00 Parken er open

12:00 - 14:00 Line Traveling Circus - Clinic

17:30-18:15 Snack Battle

18:15-19:00 Cash Battle

 

Laurdag 29. april:

09:00-09:45 Yoga på hotellet

10:00-19:00 Parken er open

10:30-12:00 Girl Shred i parken

10:00-14:00 Topp Stemning (topptur)

12:00-13:00 Saltokurs i bakken

14.00-14.30 Mayhem tog i parken

16:00-18.00 Pond skim ved hotellet

18:00-19:00 Konsert med Michelle Ullestad - KONSERT ER FLYTTA TIL PUDDER

19:00-20:00 Konsert med Slomosa - KONSERT ER FLYTTA TIL PUDDER


 

Søndag 30. april:

09:00-09:45 Yoga på hotellet

10:00-19:00 Parken er open

10:30-12:00 Girl Shred I parken

12.00-14.00: Nor Freeski Shred

10:00-14:00 Topp Stemning (Topptur)

13:00-14:00 Session Jam

15:00-16.30 Slope Birger Style

17:30-19:00 Stiga Fun Race

21:00-22:00 OK-Awards

 

Måndag 1. mai:

10:00-16:00 Parken er open

10:00-12.00 Nor Freeski Shred

 

Bestill festivalpass som passar for deg:

 

Festivalpass Senior (18+) kr 1350,-

  • Park alle dagane
  • Alt av arrangement, aktivitetar og kurs i bakken alle dagane
  • Topptur laurdag og søndag
  • Yoga laurdag og søndag
  • Konsert med Michelle Ullestad og Slomosa


 

Festivalpass Junior (under 18 år) kr 950,-

For deg som ynskjer å få med deg alt under heile festivalen. Du får tilgang til:

  • Park alle dagane
  • Alt av arrangement, aktivitetar og kurs i bakken alle dagane
  • Yoga laurdag og søndag
  • Topptur laurdag og søndag
  • Konsert med Michelle Ullestad
  • Konsert med Slomosa
  • Eige område utan alkoholservering for dei under 18 år på konsertane

 

Laurdagspass Senior (18+) inkludert konsert kr 850,- 

For deg som berre vil vera med på laurdag. Du får tilgang til:

  • Park
  • Alt av arrangement, aktivitetar og kurs i bakken
  • Yoga
  • Topptur
  • Konsert med Michelle Ullestad
  • Konsert med Slomosa


 

Dagspass Senior (18+) kr 650,-

For deg som berre vil vera med på moroa éin valfri dag. Du får tilgang til:

  • Park
  • Alt av arrangement, aktivitetar og kurs i bakken den valte dagen

Dagspass gjeld ikkje laurdag.

 

Dagspass Junior (under 18 år) kr 550,-

For deg som berre vil vera med på moroa éin valfri dag. Du får tilgang til:

  • Park
  • Alt av arrangement, aktivitetar og kurs i bakken den valte dagen

Vel du laurdag må du kjøpa konsertbillett i tillegg, dersom du ynskjer å få desse med deg.


Ynskjer du overnatting, har veldig gode tilbod, for dei med festivalpass. Ta kontakt med: kundeservice@myrkdalenhotel.no PS. send med kvittering for kjøp av pass.


NB: Heiskort kjem i tillegg til billett.

Ved framsyning av parkpass i Myrkdalsstovo får du dagskort til kr. 260,- under Open Klasse.