Open Klasse - Festivalpass for sesongkorthaldarar

Likar du park, vårsnø og god stemning bør du ikkje gå glipp av Open Klasse-festivalen i Myrkdalen, den ultimate sesongavslutninga for ski- og snowboard-frelste.

25. til 28. April samlar me alle jibbarar, frikøyrarar og snowboardarar, uansett nivå, til aktivitetsrike dagar i Noregs mest leikne vårpark.

I tillegg til mykje ski og brettkøyring, parkmoro med hopp og rails, vert det sjølvsagt god festivalstemning med konsert og underhaldning. I år vert det utandørs konsert med DJ Herja, Fashion Victims og Slomosa på laurdagen.


NB: Desse billettane er kun for dei med sesongkort 2023/2024.

Kjøper du billett her må du framvisa sesongkort med gullbanden klistremerke på når du hentar ut festivalband i Myrkdalen.


Vanleg festivalpass kjøper du på https://openklasse.no/