80-talsfest

Utsolgt! Ski Boogie & 80-talsfest

Her vert det skikonkurransar i bakken med premieutdeling på Pudder. Konsert med Sledgehammer i tråkkemaskingarasjen etterfylgt av DJ Torbjørn Mjøs som spelar låtar frå 80-talet.

Sledgehammer

Konsert med Sledgehammer (The Flying Dancing Kings)

Det populære bandet, The Flying Dancing Kings, står på scena under årets 80-talsfest. For anledninga har dei tatt namnet Sledgehammer og er klare for å fylla tråkkemaskingarasjen med spenstige 80-tals låtar. Repertoaret deira består av hits innan pop, rock, soul, hip-hop og R'n'B. Denne gjengen er kjende for show med eit forrykande tempo og vill dansing både framfor og på scenen. Finn fram kreppetanga og fargesprakande klede – dette vert ein kveld med heidundrande god stemning!

DJ Torbjørn Mjøs

Platesnurrar Torbjørn Mjøs sørgjer for eit livleg dansegolv i god 80-tals stil.

Freestyle i Myrkdalen

Parallellrenn kl.12.00
Ynskjer du å slå hyttenaboen din? To og to konkurrerer med kvarandre i portkøyring. Dei to beste tidene endar opp i ein finale. Arena vert i nedre del av løype 2 (svarte løypa).

    •    Fysisk påmelding og utdeling av startnummer frå kl. 10.00 – 11.00 ved Myrkdalsekspressen.
    •    Max 32 plassar. Førstemann til mølla!
    •    Valfritt skiutstyr
    •    Premiering til vinnar, beste kostyme og beste 80-tals stil!
 
Online førehandspåmelding med navn til: joar.wahle@myrkdalen.no

PS: På afterski vert det BBQ ute om vêret tillèt det. Her har du også moglegheit til å registrera billetten din og henta ut armband til konsert.

80-talsfest

Praktisk info:

  • Parallellrenn frå kl. 12.00 ( påmelding frå kl.10.00 - 11.00 ved Myrkdalssekspressen) 
  • Dørene opnar kl. 18.00 i tråkkemaskingarasjen
  • Konsert frå kl. 19.00
  • DJ til kl. 01.00
  • Aldersgrense: 18 år
  • For å delta må du henta ut armband, dette får du utdelt utanfor Pudder Afterski eller ved tråkkemaskingarasjen.

 

Det tek ca 7 minutt å gå til tråkkemaskingarasjen frå Myrkdalen Hotel.

Det vert ingen nattklubb på Pudder denne dagen og afterski stenger kl 17.30. 

Me gler oss til å sjå dykk!

80-talsfest

Utsolgt

  • Konkurransar
  • Konsert
  • DJ
Konsert

​​​​​​Utsolgt

  • Konkurransar
  • Konsert
  • Dj
  • Overnatting