Skiboogie og 80-talsfest

Finn fram skiklede frå det glade 80-talet og bli med på ein full dag med ski, musikk og fargesprakande moro.

Her vert det skikonkurransar i bakken med premieutdeling på Pudder. Konsert med Sledgehammer i tråkkemaskingarasjen etterfylgt av DJ Torbjørn Mjøs som spelar låtar frå 80-talet.

Konsert med Sledgehammer (The Flying Dancing Kings)
Det populære bandet, The Flying Dancing Kings, står på scena under årets 80-talsfest. For anledninga har dei tatt namnet Sledgehammer og er klare for å fylla tråkkemaskingarasjen med spenstige 80-tals låtar. Repertoaret deira består av hits innan pop, rock, soul, hip-hop og R'n'B. Denne gjengen er kjende for show med eit forrykande tempo og vill dansing både framfor og på scenen. Finn fram kreppetanga og fargesprakande klede – dette vert ein kveld med heidundrande god stemning!

DJ Torbjørn Mjøs
Platesnurrar Torbjørn Mjøs sørgjer for eit livleg dansegolv i god 80-tals stil.

I Landsbyparken kan du delta på 3 ulike konkurransar. Åleine eller i grupper opptil 4 stk. Her er det show, stil og humor som gjeld. Det vert flotte premier til alle vinnarane!

Parallellrenn
To og to konkurrerer med kvarandre i portkøyring. Dei to beste tidene endar opp i ein finale

Synkronkøyring
Her utfordrar me deg og venene dine til å gjera som dei gjorde på 80-talet. Køyr synkront ved sida av kvarandre. Kanskje de klarar å laga eit 8 tall? Her er det berre kreativitet som set grenser.

Moteshow på ski
Bakken vert catwalken. Vis fram outfiten og køyr med stil til afterskien. Publikum er dommarar, så her er det showing som gjeld.

Me kjem også til å laga ein kulebakke med ein liten kicker for dei som ynskjer å ta dei heilt ut!

Møt opp i 80-tals klede og bli med på moroa!

PS: På afterski vert det BBQ ute om vêret tillèt det. Her har du også moglegheit til å registrera billetten din og henta ut armband til konsert.

Praktisk info:
Dørene opnar kl. 18.00 i tråkkemaskingarasjen
Konsert frå kl. 19.00
DJ til kl. 01.00
Aldersgrense: 18 år

Det tek ca 7 minutt å gå til tråkkemaskingarasjen frå Myrkdalen Hotel.
Det vert ingen nattklubb på Pudder denne dagen.

Me gler oss til å sjå dykk!