SkiSeksa - Skiundervisning for born og ungdom
8. og 9. januar arrangerer Myrkdalen Skiskule og Myrkdalen Sport & Skiutleige "SkiSeksa" i Myrkdalen! Start det nye året med kjekke og lærerike kurs for born og ungdom til kun kr 200 eller kr 300 per person!
Du kan melda deg på følgjande kurs:
1. Snowboard: Nybyrjar 6 - 9 år
2. Snowboard: Nybyrjar 10 - 13 år
3. Snowboard: Nybyrjar 14+ år
I snowboard nybyrjar-kursa våre lærer ein å stoppa og å svinga. Passar best for dei som ikkje har prøvd å stå noko særleg på snowboard før.
Kursa varar i 1 time og 40 minutt
4. Alpint: Lett øva 6 - 9 år
5. Alpint: Lett øva 10 - 13 år
I alpint Lett Øva-kursa har ein fokus på å stå riktig over skia, bruka terrenget til læring, balanse og sikker skikøyring. For å gå på dette kurset må ein meistra ploging og ta tallerkenheisen. Kursa varar i 1 time og 40 minutt.
OBS. Lett Øva-kursa er ikkje egna for born som allereie mestrar blå og raude løypar og kjørar med parallelle ski.
6. Alpint: Vidarekomne 6 - 9 år
7. Alpint: Vidarekomne 10 - 13 år
Her vil ein ha fokus på å mestre brattare og lengre løyper med fartskontroll riktig teknikk. På dette kurset tek me stolheisen opp og køyrer såleis lengre løyper under kurset.
8. Frikøyring: 10 - 16 år
På frikøyringskursa er det fokus på skiteknikk i terrenget utanfor løypene. Me held oss i skredsikkert terreng, så det er ikkje krav om sendar/mottakar, spade, søkestang.
9. Park Junior: 6-9 år
10. Park Innføring - frå 10 år og oppover
Bli med ein jibbar, lær nye triks og korleis du kan bruka parken på ein god måte! Park Junior er for 6 - 9 år. Innføring Park er for alle over 10 år - ungdom og vaksne.
UTSTYR, HEISKORT OG OPPMØTE
Alle deltakarar må ha med eige utstyr, eller ein kan leiga det hjå Myrkdalen Sport & Skiutleige. Ein må også ha heiskort som er gyldig i perioden ein har instruksjon. Born under 7 år køyrer gratis i anlegget, men merk at dei må ha eige KeyCard.
Me tilrår å kjøpa heiskort på nett. Lad opp ditt Skidata Key Card, så er du klar til å gå rett i heisen.
Oppmøte for alle kursa er ved møteplassen til Skiskulen på Torget utanfor Myrkdalen Sport & Skiutleige. Ver venleg å stå klar ved møteplassen 10 minutt før kurset ditt startar og ta med bestillingsbekreftelsen din.
ONLINE BOOKING
Online bookinga stengjer fredag 7. januar kl 14.00.
Er du i siste liten og ønsker å booke kurs etter fristen, kan du ta kontakt med skiskolen: +47 40 44 86 86 | skiskule@myrkdalen.no.