Skredkurs med Bre og Fjell ( 2 dagar)

Bli med på 2-dagar skredkurs og få innføring i korleis du finn den beste snøen, og korleis du held deg i live når du har funne den!

Dag 1

Oppmøte kl 09:00 Myrkdalen Hotel. Me startar med litt teori og deretter er me ute det meste av dagen.

Denne dagen dreiar seg i hovudsak om terrenget, snøkjennskap, vêr og vind, menneskelege faktor, vegval og bruk av sendar/mottakar-utstyr.


Dag 2

Alpin skitur / topptur i området rundt Myrkdalen.


Utstyr og bekledning:


  • Alpine turski (Randonèe) eller Telemarkski med feller
  •  (snowboardere må ha truger om de ikke har splitboard)
  • Skistøvler
  • Staver
  • Skarejern (valgfritt)
  • Sendar/Mottakar (skredsøkar), spade og søkestang
  • 30-40L sekk
  • Solbriller
  • Goggles / skibriller
  • Termos med varm drikka og matpakka
  • Bekledning for ein dag i vinterfjellet ( isolerande undertøy, vind/vanntett yttertøy, lua, hanskar/vottar, isolasjonsjakka, kjøp av heiskort)
  • Kart og kompass
  • Skihjelm


Denne dagen handlar om å praktisera det du lærte dagen før.


Dette kurset passar for alle som ynskjer å køyra utanfor løypene. For full utbyte av kurset bør du ha normalt gode skiferdigheiter og vera i god fysisk form.


Guide:

Bre og fjell vart starta i Bergen i 2002, og de fyrste åra var hovudaktiviteten vår knytt til breføring på Flatbreen i Fjærland. Siden har tilbodet av turar og kurs økt, og i dag har me aktivitetar i store deler av Noreg og i Alpane, frå skredkurs i Hemsedal til fjellføring på Matterhorn.